Månedag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein månedag er tida det tar månen å rotere ein heil runde rundt sin eigen akse med omsyn på sola. Samstundes er det òg tida det tar månen å gjere ein runde rundt jorda og kome tilbake til same fase, altså tida det tar frå ein nymåne til neste nymåne.

Med omsyn til stjernene brukar månen 27 dagar, 7 timar og 42,2 minutt på ein runde rundt jorda, men sidan jord-måne-systemet samstundes har flytta seg rundt sola, må månen gå noko lenger for å kome tilbake til same fase. I snitt er denne baneperioden 29 dagar, 12 timar, 44 minuttar og 3 sekund. Dette er ei gjennomsnittleg tid sidan farten til jord-måne-systemet rundt sola varierer litt gjennom året på grunn av eksentrisiteten til banen. I tillegg vil små skilndader i tyngdefeltet frå sola skape periodiske variasjonar i månebanen.

I oseanografi er ein månedag tida det tar jorda å rotere rundt sin eigen akse med omsyn til månen. Dette er tida frå månen står i senit til neste gong månen står i senit, om lag 24 timar og 50 minuttar. Denne perioden vert òg kalla tidvassdag.

Månekalender[endre | endre wikiteksten]

I somme månekalenderar, som hindukalenderen, er ein månedag eller tithi definert som 1/30 av ein månemånad, eller tida det tar for lengdegradsvinkelen mellom månen og sola å auke med 12 grader. Med denne definisjonen varierer lengda på månedagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.