Månen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Månen
Månen sett frå Jorda
Månen sett frå Jorda
Baneparametrar
Store halvakse 384 400 km
(0,0026 AE)
Banens omkrins 2 413 402 km
(0,016 AE)
Eksentrisitet 0,0554
Perigeum 363 104 km
(0,0024 AE)
Apogeum 405 696 km
(0,0027 AE)
Omløpsperiode 27,321661 døgn
(27 d 7 t 43,2 min)
Synodisk periode 29,530588 d
(29 d 12 t 44,0 min)
Gjennomsnittleg banefart 1,022 km/s
Maks. banefart 1,082 km/s
Min. banefart 0,968 km/s
Banehelling varierer mellom
28,60° og 18,30°
(5,145396° til ekliptikken)
Er ein naturleg satellitt til Jorda
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 3 476,2 km [1]
(0,273 av Jordas)
Diameter over polane 3 472,0 km
(0,273 av Jordas)
Flattryktheit 0,0012
Overflateareal 3,793·107 km2
(0,074 av Jordas)
Volum 2,197·1010 km3
(0,020 av Jordas)
Masse 7,347673·1022 kg
(0,0123 av Jordas)
Snitt tettleik 3,344 g/cm3
Ekvatorial tyngdekraft 1,622 m/s2
(0,1654 g)
Unnsleppingsfart 2,38 km/s
Rotasjonsperiode 27,321661 døgn
(bunden rotasjon)
Rotasjonsfart 16,655 km/h
(ved ekvator)
Aksehelling variere mellom
3,60° og 6,69°
(1,5424° til ekliptikken)
Rektasensjon
av nordpolen
266,8577°
(17 t 47 min 26 s)
Deklinasjon 65,6411°
Albedo (refleksjonsevne) 0,12
Storleiksklasse -12,74
Overflatetemp.
 min   snitt   maks 
 40 K   250 K   396 K 
Skorpesamansetting
Oksygen 43%
Silisium 21%
Aluminium 10%
Kalsium 9%
Jern 9%
Magnesium 5%
Titan 2%
Nikkel 0,6%
Natrium 0,3%
Krom 0,2%
Kalium 0,1%
Mangan 0,1%
Svovel 0,1%
Fosfor 500 ppm
Karbon 100 ppm
Nitrogen 100 ppm
Hydrogen 50 ppm
Helium 20 ppm
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 3·10-13kPa
Helium 25%
Neon 25%
Hydrogen 23%
Argon 20%
Metan spor
Ammoniakk spor
Karbondioksid spor

Månen (latin: Luna) er den naturlege satellitten til jorda, synleg frå alle stader på jorda. Han er 3 476,2 km i diameter, om lag ¼ av Jorda. Dette er ein uvanleg stor satellitt/planet-proporsjon, og gjer at Månen har merkbar påverknad på rørsla til Jorda, og ikkje minst på tidevatnet i havet.

Den tida Månen brukar på eitt omløp rundt jorda, er konstant (29 ½ døger), og dette har menneskje til alle tider brukt som ein praktisk målestokk for tidsrekning. Ordet månad er difor direkte avleidd av «måne». Månen har også gjeve namn til mellom anna måndag, månesjuke og menstruasjon. Han er viktig i fleire religionar, både som guddom (til dømes den norrøne guden Måne) og teikn (til dømes for islam og hindukalenderar).

Middelavstanden frå sentrum av månen til sentrum av jorda er 384 403 km. Mellom 1969 og 1972 vart det frå USA sendt fleire romskip med amerikanske astronautar til månen. 20. juli 1969 vart Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første menneska på månen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Leiande teoriar i dag seier at månen blei til omtrent samtidig med jorda, då ein planet på størrelse med Mars kolliderte med jorda, slik at glødande masse blei slynga ut i rommet. Jorda si gravitasjonskraft trekte til seg massen, som etter kvart samla seg i ein stor klump, som i løpet av mange år kjølna av og blei til månen.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Månelandskapet liknar mykje på ein ørken, med sanddyner og fjell, bortsett frå at dei fleste fjella er kraterrender frå eit utal meteorittnedslag. Dei slette «hava» på månen kjem frå vulkanutbrot for milliardar av år sia. Sidan det verken er vatn eller atmosfære på månen, og ikkje geologisk aktivitet lengre, er det for det meste meteorittnedslag som endrar på utsjånaden til månen, slik at han ser nesten slik ut som han gjorde for fleire hundre millionar år sidan.

Dei store forskjellane i temperatur mellom natt og dag på månen har òg eroderande effekt. Temperaturforskjellen blir på bortimot 300 celsius, frå +180 om dagen til -120 om natta. Dette gjer at stein sprekker opp i mindre og mindre bitar, og dannar sanden som dekkjer mykje av overflata.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.