Mårøyfjorden

Koordinatar: 70°45′43.337″N 27°14′50.881″E / 70.76203806°N 27.24746694°E / 70.76203806; 27.24746694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°45′43.337″N 27°14′50.881″E / 70.76203806°N 27.24746694°E / 70.76203806; 27.24746694

Mårøyfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Lebesby
Kart
Mårøyfjorden
70°45′09″N 27°16′39″E / 70.752461°N 27.277536°E / 70.752461; 27.277536

Mårøyfjorden (samisk Dáibarávuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til garden Austmo i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Mårøyfjordklubben i nord og Lille Mårøya i sør. Torveholmen er ei øy midt i fjorden. Aust for denne holmen ligg vågen Austerbotnen og gardane Vinterplassen og Elvestrand. Sør for holmen ligg Sørfjorden med gardane Hjellneset og Austmo. Det er ikkje vegsamband langs fjorden.

Fjorden er 116 meter på det djupaste, like aust for Lille Mårøya.