Måsefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måsefamilien


Rosenmåse, Rhodostethia rosea Sabinemåse, Xema sabini Krykkje, Rissa tridactyla Illustrasjon av Naumann, 1903, Public domain
Rosenmåse, Rhodostethia rosea
Sabinemåse, Xema sabini
Krykkje, Rissa tridactyla
Illustrasjon av Naumann, 1903, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Vitskapleg namn
Laridae

Måsefamilien, Laridae, er ein biologisk familie av måsar, terner og saksenebbar som tilhører ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Artane i familien førekjem over heile verda, men i liten grad ved Antarktis. Mange artar i familien er kystfuglar, men nokre artar lever i innlandet, i elvar, innsjøar og på våtmarker, men somme er òg periodevis knytt til menneske. Dei to måsane i slekta Rissa, krykkje og raudfotkrykkje, samt sabinemåse kan treffast på opent hav.

Kaliforniasvartbak, Larus occidentalis
Foto: Wikimedia-brukar Dori

Artane i denne familien har symjehud på føtene og nebbet manglar cere, vokshud på overnebbet. Nasebora er på eller over midten av nebbet. Horndekket på nebbet er ikkje delt slik som hos stormfuglar. I absolutt eit fleirtal av artane er kjønna like. Fjørdrakta hos dei fleste artene av terner og måsar er vanlegvis hovudsakeleg kvit og grå med innslag av svart, men somme har mørke fjørdrakter. Sommardrakter vil ofte avvike frå vinterdrakta. Ungfuglar har varierande grad av spraglete brun og grå fjørdrakt.

Oversyn over slekter[endre | endre wikiteksten]

Ørkenmåse, Leucophaeus modestus
Foto: Dick Culbert
Dvergterne, Sternula albifrons
Foto: Agustín Povedano
Langnebbterne, Thalasseus elegans
Foto: Kevin Cole
Inkaterne, Larosterna inca
Foto: Cristóbal Alvarado Minic

Slekter i Laridae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013,[1] norske fuglenamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Måsar
Noddyar, oftast lista saman med terner
  • Slekt Anous, tre tropiske noddyar, verdsomspennande distribusjon
  • Slekt Procelsterna, to artar i Stillehavet, frå tropisk til temperert område
  • Slekt Gygis, silketerne, Gygis alba, lita, kvit terne med sirkumpolar utbreiing på øyar i tropiske hav
Terner
Saksenebbar
  • Slekt Rynchops, tre artar saksenebbar, terneliknande fuglar i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Måsefamilien