Móðuharðindin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Móðuharðindin var ein naturkatastrofeIsland i åra 1783-1785 i samband med vulkanutbrotet i Lakagígar.

Katastrofen starta med vulkanutbrotet i kraterrekka Lakagígar den 8. juni 1783, som var eit av dei største vulkanutbrota i historisk tid. Utbrotet var katastrofalt for Island og effekane på miljøet kunne merkast mange stader i verda på grunn av dei globale meteorologiske effektane svovelgassane som vart spydd ut i atmosfæren hadde. Sokneprest Jón Steingrímsson skreiv om episodar på Island under utbrotet i Eldrit, som vart gjeve ut i 1788.

Etter vulkanutbrotet vart heile Island dekt av ein giftig dis som brann opp beitene og tok livet av buskapen. Ein meiner at om lag 75 % av alle kyra på øya døydde, og at om lag 20 % av islendingane mista livet.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]