Mölnlycke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°39′33.703″N 12°6′45.972″E

Mölnlycke sentrum
Wendelsbergs Folkhögskola i Mölnlycke

Mölnlycke er ein svensk tettstad som ligg i Västra Götalands län i Sverige. Mölnlycke er administrasjonssenter for Härryda kommune og i 2011 hadde byen 14 440 innbyggjarar. Staden ligg kring 10 km søraust for Göteborg. Mölnlycke er ein industristad med mellom anna Mölnlycke AB, som produserer papir- og sjukehusartiklar.

Mölnlycke ligg omkring ein mil søraust for Göteborg sentrum. Ein stor del av innbyggjarane pendlar til Göteborg, og Mölnlycke er prega av å vere forstad til Göteborg. Busetnaden består hovudsakleg av einebustader og rekkehus. Trass den tette busetnaden har Mölnlycke mange grøntområde, mellom anna Rådasjöns naturreservat og Finnsjöns friluftsområde. Gjennom sentrum renn Mölndalsån, på veg frå Landvettersjøen til Rådasjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mölnlycke