Møbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinaldermøbler og -inventar, mellom anna ein kommode i stein, i eit arkeologisk utgrave bustadhus i Skara Brae på Orknøyane. På denne staden budde det folk frå år 3100 før vår tidsrekning (f.Kr.) og 600 år framover.

Møbel er ei fellesnemning for vanlegvis frittståande og flyttbare større gjenstandar som det er naudsynt eller ynskeleg å ha i hus eller bygningar for å kunne nytte dei til bustad, kontor, restaurant eller anna innandørs opphaldsstad for menneske, eller for bruk i hagar, parker og liknande.

Vanlegvis vert det kravd at gjenstanden skal stette visse tradisjonelle funksjonelle krav og ha ei viss utforming for å kunne kallast for eit møbel. Døme på møblar er sofaer, stolar, bord, frittståande skåp, kommodar, senger og liknande. Ofte er møblar laga av tre, metall, glas, ofte i kombinasjonar, eventuelt med puter av naturmateriale av ull, bomull, skinn og lêr. Men etter kvart har òg ulike kunststoff vorte meir og meir vanleg, og møblar kan til dømes vere heilt i plast. I dag vert møblar vanlegvis framstilt industrielt, men tidlegare var møbelproduksjon eit handverk som såkalla møbelsnikkarar, òg kalla finsnikkarar, stod for.

Apparat og liknande innretningar som til vanleg høyrer til inventaret, som til dømes komfyrar, kjøleskåp, fryseboksar, vaskemaskinar, fjernsynsapparat og anna, vert ikkje rekna som møbel. Faste skåp, som til dømes kjøkenskåp og liknande, vert heller ikkje sett på som møbel, og skal fylgje huset i kjøp og sal.

Døme på møblar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Møbel
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!