Møbelet kateter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kateter.
Kateter i eit klasserom fotografert i 1961.

Kateter (frå gresk καθέδρα kathédra, 'sete', biskopens 'trone') er eit bord for læraren i tradisjonelt utforma klasserom. Det kan vera forma som eit skrivebord eller ein disk med plass til undervisingsutstyr.

Kateteret er plassert nær tavla og lèt læraren sitja vendt mot klassen. Stundom kan det stå på ei forhøgning (podium) som gjer det lettare for læraren å sjå og bli sett av klassen. Kateteret var tradisjonelt brukt i høgare utdanning, ved læreseta knytt til latinskule og universitet, og ved innføringa av fastskulane frå 1860 kom det i bruk også i norsk folkeskule.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]