Møre-Silda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Møre-Silda er ein sluk som opphavleg var produsert av Remen slukfabrikk i Måndalen i Romsdal. Truleg var sluken introdusert i 1955 ved oppstarten av fabrikken. Sluken var designa av Arnulf Remen i bygda Måndalen der slukfabrikken låg fram til 1997.[1] I 1997 vart fabrikken seld og produksjonen flytta til GjemnesNordmøre. I dag er produksjonen flytta til Asia og Remen slukfabrikk AS inngår som ein del av konsernet Rapala VMC.[2]

Møre-Silda blir omtalt som Noregs mest selde skeisluk. Sluken har vore og er produsert i ei rekke variantar frå 6 gram og oppover til 55 gram. Opphavleg var dei produserte i koppar, sølv og messing med raud eller svart rygg. I dag er sluken å få i ei rekke nye variantar og blir marknadsført som Møresilda Classic, Holografisk, Nordlys, Ørret, Sjøørret og Laks.[3]

I tillegg til Møre-Silda produserer Remen slukfabrikk Møreungen, Mørepilken og Atomsilda.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Møresilda», Laksesluker.no (på norsk bokmål), 28. juni 2020, henta 15. juli 2023 
  2. «Brands», Rapala VMC (på engelsk), henta 15. juli 2023 
  3. «Møresild Laks Chr. Baardsen & Søn AS», Chr. Baardsen & Søn AS (på norsk bokmål), henta 15. juli 2023 
  4. «Du søkte etter remen», Gero Sportsfiske (på norsk bokmål), henta 15. juli 2023