Møre og Romsdal fylke
| Møre og Romsdal fylke | ||
| Adm.senter | Molde | |
| Areal | 15 450 km² | |
| Folketal | 255 431 (1. juli 2011) | |
| Nettstad | www.mrfylke.no | |
| Politikk | ||
| Fylkesordførar | Olav Bratland, H (2007) | |
| Fylkesmann | Lodve Solholm | |
| Målform | Nynorsk | |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | ||
|---|---|---|
| Møre og Romsdal fylke på Commons | ||
Møre og Romsdal er eitt av 19 fylke i Noreg og ligg på den nordre delen av Vestlandet. Fylket grensar i aust og nordaust til Sør-Trøndelag, i søraust til Oppland og i sør til Sogn og Fjordane. I nordvest grensar fylket mot norskehavet.
Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.
Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomsteren til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.
Innhaldsliste |
[endre] Klima
Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.
Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.
Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk.
[endre] Samferdsle
Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knytter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.
Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.
Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.
[endre] Administrasjon
Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmansdistrikt.
Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
[endre] Kommunar
| Nr. | Namn | Folketal | Areal km² | Distrikt |
|---|---|---|---|---|
| 1502 | 25 507 | 363 | Romsdal | |
| 1504 | 44 439 | 98 | Sunnmøre | |
| 1505 | 23 831 | 87 | Nordmøre | |
| 1511 | 3 382 | 385 | Sunnmøre | |
| 1514 | 2 597 | 93 | Sunnmøre | |
| 1515 | 8 736 | 120 | Sunnmøre | |
| 1516 | 7 824 | 97 | Sunnmøre | |
| 1517 | 5 005 | 82 | Sunnmøre | |
| 1519 | 8 687 | 547 | Sunnmøre | |
| 1520 | 10 395 | 805 | Sunnmøre | |
| 1523 | 2 210 | 129 | Sunnmøre | |
| 1524 | 1 736 | 944 | Sunnmøre | |
| 1525 | 4 601 | 866 | Sunnmøre | |
| 1526 | 1 022 | 247 | Sunnmøre | |
| 1528 | 7 675 | 338 | Sunnmøre | |
| 1529 | 4 168 | 120 | Sunnmøre | |
| 1531 | 8 250 | 59 | Sunnmøre | |
| 1532 | 7 306 | 40 | Sunnmøre | |
| 1534 | 8 965 | 260 | Sunnmøre | |
| 1535 | 6 511 | 355 | Romsdal | |
| 1539 | 7 421 | 1 502 | Romsdal | |
| 1543 | 2 996 | 1 046 | Romsdal | |
| 1545 | 1 991 | 95 | Romsdal | |
| 1546 | 1 316 | 20 | Romsdal | |
| 1547 | 3 274 | 59 | Romsdal | |
| 1548 | 9 483 | 369 | Romsdal | |
| 1551 | 3 445 | 152 | Nordmøre | |
| 1554 | 5 587 | 176 | Nordmøre | |
| 1557 | 2 581 | 382 | Nordmøre | |
| 1560 | 3 096 | 337 | Nordmøre | |
| 1563 | 7 184 | 1 714 | Nordmøre | |
| 1566 | 5 941 | 1 365 | Nordmøre | |
| 1567 | 2 076 | 641 | Nordmøre | |
| 1571 | 1 628 | 301 | Nordmøre | |
| 1573 | 2 183 | 282 | Nordmøre | |
| 1576 | 3 499 | 644 | Nordmøre | |
| Totalt | Romsdal |
255 431 | 15 121 | Møre og Romsdal |
[endre] Bakgrunnsstoff
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- FM Møre og Romsdal
- NRK Møre og Romsdal
- Kulturnett Møre og Romsdal
- Ungdomspanelet i Møre og Romsdal
[endre] Kjelder
- SNL - Møre og Romdal
- SNL - Møre og Romsdal – klima
- Om Møre og Romsdal - Møre og Romsdal fylkeskommune
[endre] Referansar
- ↑ Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |
| Fylke i Noreg | ||
|---|---|---|
| Akershus · Aust-Agder · Buskerud · Finnmark · Hedmark · Hordaland · Møre og Romsdal · Nordland · Nord-Trøndelag · Oppland · Oslo · Rogaland · Sogn og Fjordane · Sør-Trøndelag · Telemark · Troms · Vest-Agder · Vestfold · Østfold | ||
