Mørk energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I kosmologi er mørk energi ei hypotetisk form for energi som gjennomsyrer alt rom og bidrar til å auke ekspansjonsraten i universet.[1] Hypotesen om mørk energi er den mest brukte måten å forklare nyare observasjonar som tyder på at universet utvidar seg raskare og raskare. I den kosmologiske standardmodellen utgjer mørk energi rundt 74 % av all masse/energi, eller 74 % av universets "innhald". Mørk materie utgjer 22% mens 4% er vanleg materie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. P. J. E. Peebles and Bharat Ratra (2003). «The cosmological constant and dark energy». Reviews of Modern Physics 75: 559–606. 
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.