Mørke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mørke eller mørker er eit opplevd fråvere av lys. Reint eller totalt mørke finst ikkje nokon stader sidan små mengder av lysemitterande partiklar i form av stråling trengjer inn i alle hjørne av universet, sjølv om det menneskelege auge ikkje kan oppdage lyset. Absolutt mørke er berre teoretisk mogleg under vilkåra for det absolutte nullpunktet.
Somme kulturar har sett på mørkret som eit stoff i seg sjølv, og det oppstår i ei slik form i «fantasy litteratur». I denne samanhengen er skugge eit anna namn på fenomenet.
[endre] Metafysisk mørker
Mørker har ein framtredande plass i metafysikk og religion, og er eit ladd symbol i filosofien.