Müftü

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Müftü-elva)
Müftü i Mersin

Müftü (òg kalla Efrenk og Arslanköy) er ei kort elv i provinsen Mersin i Tyrkia.

Ho spring ut i Taurusfjella, nær byen Arslanköy og landsbyen Sadiye. Elva renn austover og så sørover før ho munnar ut i Middelhavet nær byen Mersin. Elva er grensa mellom distrikta Yenişehir i vest og Akdeniz og Toroslar ia ust. Tre bruer kryssar elva i Mersin og ein langs motorvegen nord for byen.

Nedslagsfeltet er berre 480 km2. Kjelda til elva ligg kring 1500 meter over havet, så elva renn raskt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]