Mýkonos
| Mýkonos Lokalt namn: Mύκονος |
|
|---|---|
Hovudbyen på Mýkonos |
|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Kykladane |
| Areal | 86 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Mýkonos |
| Demografi | |
| Folketal | 6 200 (2002) |
| Folketettleik | 108 /km² |
Mýkonos (gresk Mύκονος), òg kalla Myconos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ein av dei store turistdestinasjonane i Egearhavet og er kjend for det yrande nattelivet. Øya ligg mellom Tínos, Sýros, Páros og Náxos. Ho har eit areal på 86 km² og er 364 meter på det høgaste.
Mýkonos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mýkonos er den einaste kommunen i periferieininga. Til kommunen høyrer òg Dílos, Rínia, Tragonísi og fleire andre små øyar utan busetnad.
Øya består hovudsakleg av granitt. Ho har lite naturleg ferskvatn og er avhengig av avsalting av sjøvatn for å dekke behovet. Det bur like over 6 000 innbyggjarar på Mýkonos, og den største tettstaden heiter òg Mýkonos, men vert stundom kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Mýkonos by ligg på vestkysten. Ein meiner at øya er kalla opp etter ein lokal helt, som vert rekna som eit av borneborna til guden Apollon og som vart dyrka lokalt i antikken.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Arkeologiske funn viser at jonarane slo seg ned på Mýkonos tidleg på 1000-talet fvt., men nyare funn har vist spor etter ei steinalderstamme tilbake til år 3000 fvt.
I gresk mytologi var Mýkonos åstad for eit slag mellom Zevs og Gigantane, og øya vart kalla opp til ære for Apollon sitt borneborn Mykons. Sidan Mýkonos ligg nær den då tett folkesette øya Dílos, som ligg om lag 2 km unna, vart ho ei viktig forsyningsøy og feriestad for innbyggjarane på Dílos.
Mýkonos i dag [endre]
Mýkonos har dei siste femti åra vorte eit internasjonalt særs populært reisemål for jet set-folk. Ho er kjend for sitt yrande natteliv og det store talet på barar og nattklubbar. Mange greske og internasjonale kjendisar har sommarhus på Mýkonos. Denne populariteten har ført til at bustadmarket har auka kraftig dei siste åra og det er bygd mange nye private hus, villaer og hotell. Dette har gjort fleire urolege for at øya gradvis kjem til å miste sitt særpreg. For å motverke dette må alle nye bygningar følgje den kykladiske arkitekturstilen.
Mýkonos har skular, bankar, kyrkjer, eit postkontor og plassar (plateies). Ho har óg to hamner, ei «gamal» og ei «ny».
Landsbyar [endre]
- Ájos Stéfanos
- Áno Merá
- Kalafáti
- Klouvás
- Mýkonos eller Khóra
- Órnos
- Platýs Gialós
- Psaroú
- Toúrlos
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell side
Reiseguide for Mykonos frå Wikivoyage- Den blå øya
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mykonos frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||