Mýrdalsjökull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mýrdalsjökull
Myrdalsjökull glacier iceland 2005 1.JPG

Mýrdalsjökull (islandsk uttale mir-dals-jøkudl) er den fjerdestørste isbreenIsland. Han ligg sør på øya, nord for Vík í Mýrdal og aust for den mindre breen Eyjafjallajökull. På det høgaste er han 1 493 meter høg og i 1980 dekte han eit areal på 595 km².

Breen ligg over ein aktiv vulkan kalla Katla. Krateret til vulkanen har ein diameter på ti km og vulkanen har normalt utbrot kvart 40. til 80. år. Det siste utbrotet fann stad i 1918 og forskarar held i dag nøye auge med vulkanen. Sidan 930 er det dokumentert 16 utbrot. Kraterrekka Lakagígar og krateret Eldgjá er ein del av det same vulkansystemet, som vert rekna som eit av dei kraftigaste i verda.

Før hringvegur (den islandske hovudvegen) vart bygd, frykta folk å reise over slettene nedanfor vulkanen sidan ein ofte fekk jökulhlaup og ein måtte krysse djupe elvar. Jökulhlaupet etter utbrotet i 1918 var særleg farleg då kystlinja vart flytta fem km utover av lahariske avleiringar frå flaumen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mýrdalsjökull

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 63°40′N 19°06′W