Mývatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mývatn
Mývatn is located in Island
Plasseringa til Mývatn på Island
Stad Sørvest på Island
Koordinatar 65°36′N 17°00′WKoordinatar: 65°36′N 17°00′W
Type innsjø Eutrofisk
Utsig Laxá
Tilknytte land Island sitt flagg Island
Overflateareal 37 km²
Middeldjupne 2,5 m
Største djupne 4,5 m
Høgd over havet 288 m

Mývatn er ein grunn og særs næringsrik innsjø aust på Island. Han ligg i eit aktivt vulkanområde i nærleiken av vulkanen Krafla. Innsjøen og dei omliggande våtmarkene har eit særs rikt fugleliv og då særleg ender. Innsjøen vart danna av eit stort basaltisk lavautbrot for rundt 2 300 år sidan, og landskapet i området rundt er dominert av vulkanske landformer. Elva Laxá renn ut frå innsjøen og er kjend for sin rike bestand av brunaure og atlanterhavslaks.

Namnet, som er sett saman av dei to orda og vatn tyder «myggvatn» på norsk, og kjem av den store mengda knott ein finn der om sommaren. Namnet Mývatn vert nytta både om innsjøen og heile det busette området rundt. Elva Laxá, innsjøen og den omliggande våtmarka inngår i eit naturreservat kalla Mývatn-Laxá.

Sidan 2000 har det kvar sommar vorte halde eit maratonløp rundt innsjøen.

Fugleliv[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen har eit konstant tilsig av næringsrikt kjeldevatn, og inneheld rikeleg med virvellause dyr, som fjærmygg og vasslopper som begge dannar eit godt næringsgrunnlag for ender. Tretten artar av ender hekkar her. Andeartane si samansetting er unik med ei blanding av eurasisk og nordamerikanske innslag, såvel som ei blanding av nordlege og arktiske artar. Mesteparten av endene er trekkfuglar og kjem i perioden frå seint i april til tidleg mai, frå Nordvest-Europa. Den mest hyppige er toppand som kom til Island første gong mot slutten av 1800-talet. Bergand er den neste hyppigaste andetypen ein finn i området.

Islandsand er ein av mange arter som held til i området.

Andre artar som er vanlege i området er mellom anna islandsand, siland, brunnakke, snadderand, stokkand, svartand og havelle. Elva Laxá har ein stor koloni av harlekinand og det finst òg ein stor koloni av ærfugl ved utløpet av elva rundt 50 km frå Mývatn. Dei mange fugleartane hekkar overalt i området. Dei bygger reir i sprekker i lavaen, på øyane og i dei nærliggande våtmarkene. Dei lokale innbyggjarane har i lange tider hausta andeegg for bruk på dei lokale gardsbruka. For å sikre berekraftige fuglebestandar følgjer haustinga eldgamle reglar som seier at ein alltid skal la minst fire egg ligge att i kvart reir for å sikre klekking.

Andre vassfuglar i området er mellom anna horndykkar, symjesnipe, islom, smålom og sangsvane.

Vassfuglsituasjonen har vorte overvaka årleg sidan 1975 av Náttúrurannsóknastöðin við Mývatn (Mývatn forskningsstasjon).

Vulkansk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Ei lavaøy i innsjøen Mývatn.

Innsjøen vart danna for rundt 2 300 år sidan av eit stort sprekkutbrot der det fløymde ut basaltisk lava. Lavaen strøymde ned Laxárdalur til sletta Aðaldalur i låglandet, der lavaen til slutt rann ut i Atlanterhavet rundt 50 km frå Mývatn. Kraterrekka som vart danna på toppen av sprekken vert kalla Þrengslaborgir (eller Lúdentarborgir) og har ofte vorte nytta som eit skuleeksempel på denne typen vulkansk aktivitet. I tida rundt utbrotet fanst det ein stor innsjø i området, noko som er føregangaren til dagens Mývatn. Då den glødande lavaen kom i kontakt med innsjøen vart nokre av dei vasstrukne sedimenta liggande igjen under lavaen. Dei påfølgjande dampeksplosjonane reiv lavaen i småbitar som vart kasta opp i lufta saman med delar av innsjøen.

Gjennom gjentatte eksplosjonar på mange forskjellige stader vart det danna fleire krater, og det er desse som i dag dominerer landskapet ved breiddene til Mývatn, og dei dannar òg nokre av øyane i innsjøen. Denne type lavaformasjonar er gjerne kjend som rotlause kjegler. Ei gruppe slike krater ved Skútustaðir på den søndre breidda av innsjøen er verna som eit nasjonalmonument og er mykje vitja av turistar. Andre grupper av slike krater i dette lavafeltet ligg i Laxárdalur og Aðaldalur. Danninga av desse kratera stoppa enkelte stader lavastraumen og skapte mellombelse innsjøar av lava. Etter kvart rann lavaen ut frå innsjøen, noko som etterlet ein skog av steinsøyler. Den største av desse formasjonane heiter Dimmuborgir. På ein annan stad kalla Höfði står søylene opp av vatnet i innsjøen. Lavaen som vart skapt av Þrengslaborgirutbrotet er kjend som «den yngre Laxálavaen».

Lavasøyler ved Höfði.

Mývatnområdet grensar til den vestre delen av den vulkanske sonen som går tvers over det nordaustlege Island i nord–sør-retning, og er ein del av Den midtatlantiske ryggen. Alle geologiske formasjonar er relativt unge og er frå siste istid og tida etter.

Grunnfjellet til lyngheiene som ligg vest for innsjøen består av interglasiale lavastraumar. Mesteparten av fjella i området rundt innsjøen vart danna av utbrot som skjedde under isdekket i løpet av istida. Utbrot som smelta seg veg opp gjennom isen danna platåfjell (Bláfjall, Sellandafjall, Búrfell, Gæsafjöll), og dei som ikkje gjorde det danna hyaloklastittryggar (Vindbelgjarfjall, Námafjall, Dalfjall, Hvannfell).

Ved slutten av den siste istida, for rundt 10 000 år sidan, var Mývatnbassenget dekt av ein isbre som pressa opp svære endemorener som framleis finst ved den nordre sida av innsjøen. Etter at isbreen byrja å smelte vart brevatnet demma opp i Mývatnfordjupninga fram til isbreen trekte seg tilbake frå Laxá sitt elveleie.

Postglasial vulkansk aktivitet i Mývatnområdet kan delast opp i tre periodar. Lúdentperioden byrja kort tid etter slutten av istida. Eksplosjonskrateret Lúdent har sitt opphav frå denne perioden. Utbrotet vart etterfølgt av ei rekkje mindre sprekkutbrot. Rundt 3 800 år sidan vart skjoldvulkanen Ketildyngja skapt rundt 25 km søraust for Mývatn, og frå den rann det ein svær lavastraum, «den eldre Laxálavaen», som spreidde seg over den søndre delen av området, rann ned dalen Laxárdalur og kom nesten heilt ned til havet før han stoppa. Denne lavaen demma opp det første Mývatn som hadde om lag same storleik som dagens innsjø.

Den andre vulkanske perioden, Hverfjallperioden, byrja for 2 500 år sidan med eit enormt, men kort utbrot, som danna eksplosjonskrateret Hverfjall (óg kalla Hverfell). Dette vart følgt av eit utbrot frå Jardbadshólar, som danna lavafeltet mellom Reykjahlíð og Vogar. Rundt 200 år seinare braut nok ein svær lavastraum ut, «den yngre Laxálavaen» (sjå over). Denne lavaen demma opp dagens Mývatn og i tillegg innsjøane Sandvatn, Grænvatn og Arnarvatn.

Innsjøen og området rundt har mange pseudokrater.

Den tredje vulkanske perioden byrja med Mývatnseldarutbrota i 172429, som starta med ein eksplosjon som danna kratersjøen Víti. Seinare strøymde lava frå Leirhnjúkur ned til nordenden av Mývatn og øydela to gardsbruk. Desse utbrota er ganske like dei meir nylege utbrota nær Krafla i 197584. Kjelda til begge er ein sentralvulkan som ligg mellom Krafla og Gæsafjöll. Inni vulkanen ligg det eit magmakammer som det periodevis kjem utbrot frå av smelta magma i ei rekkje sprekker som kryssar vulkanen frå nord til sør.

Nyare aktivitet har vorte kjenneteikna av periodar med sakte landheving, blanda med kortare periodar med landsenking, underjordisk magmasprenging, rivner, jordskjelv og utbrot (ni i alt). Dette er det beste dømet på kontinentaldrift på Island. Ein sentralvulkan og dei tilhøyrande sprekksystema er kalla eit vulkansk system. Vulkansystemet Krafla er eitt av fleire slike system som til saman dannar den islandske vulkanske sonen.

Nokre få rhyolittfjell ligg tett opptil Krafla sin sentralvulkan (Hlíðarfjall, Jörundur, Hrafntinnuhryggur).

På grunn av sitt vulkanske opphav er det førekomstar av silisiumdioksid i innsjøen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Einarsson, Á., Stefánsdóttir, G., Jóhannesson, H., Ólafsson, J.S., Gíslason, G.M., Wakana, I., Gudbergsson, G. and Gardarsson, A. 2004. The ecology of Lake Mývatn and the River Laxá: variation in space and time. Aquatic Ecology 38: 317–348.
  • Gardarsson, A. and Einarsson, Á. eds. 1991. Náttúra Mývatns. Hið íslenska Náttúrufræðifélag, Reykjavík. 372 pp. (in Icelandic)
  • Gardarsson, A. and Einarsson, Á. 2000. Monitoring waterfowl at Mývatn, Iceland. Pp. 3–20 in F.A. Comin, J.A. Herrera-Silveira and J.Ramirez-Ramirez (eds.): Limnology and Aquatic birds. Monitoring, Modelling and Management. Universidad Autonoma de Yucatan, Merida, Yucatan, Mexico.
  • Gíslason, G.M. 1994. River management in cold regions: a case study of the River Laxá, North Iceland. Pp. 464–483 in: The Rivers Handbook. Hydrological and Ecological Principles. Vol. 2. Eds. P. Calow & G.E. Petts. Blackwell, Oxford. 483 pp.
  • Jónasson, P.M. ed. 1979. Ecology of Eutrophic, Subarctic Lake Mývatn and the River Laxá. Oikos 32.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]