M.S. Subbulakshmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
M.S. (1944) på ein filmplakat for Meera

Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 191611. desember 2004) var ein vidgjeten indisk karnatisk songar. Ho er best kjend under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S..

Liv og musikk[endre | endre wikiteksten]

M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho byrja å syngja svært tidleg, og opptredde offentleg første gongen då ho var tretten, saman med mora si, som spelte vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og sidan hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas.

Berre sytten år gammal debuterte ho på det prestisjefylte Madras Music Academy. Ho vart snart tilboden roller i indiske filmar, der songen er svært viktig. Den største prestasjonen hennar var i Meera frå 1945, der ho spelte Bhaktha Meera og song dei viktige Meera-bhajanane.

Etter denne store filmrolla trekte M.S. seg tilbake frå filmen og vigde livet sitt til musikken. I 1968 blei ho, som første kvinne, vald til president for Madras Music Academy-konferansen. Ho heldt konsertar over heile verda, mellom anna i generalforsamlinga i SN, Royal Albert Hall i London, Carnegie Hall i New York, og under Indiafestivalen i Moskva i 1987. I India lukkast ho i å gjera den karnatiske musikken kjend og verdsett også i Nord-India.

M.S. er særleg kjend for dei religiøse lovsongane sine, som Bhaja Govindam (ein filosofisk song om Govinda, også kjend som Krishna), Vishnu sahasranama (dei tusen namna til Vishnu) og Venkateswara Suprabhatham (morgonsong til ære for Vishnu). Under opptredinga si i SN framførte ho fredssongen Maithreem Bhajatha av Kanchi Paramacharya, som ho var ein ihuga tilhengjar av. Ho har framført songar på fleire indiske språk, som tamil, malayalam, kannada, telugu, sanskrit, hindi, bengali og gujarati. Mykje av det ho tente på opptaka sine, vart gjeve vidare til frivillige organisasjonar.

M.S. var gift med Sadhasivam, ein fridomskjempar, som ho hadde treft i 1936. Dei to var barnlause, men svært knytte til kvarandre. Då Sadhasivam døydde i 1997, etter over femti års ekteskap, slutta M.S. heilt å opptre. Ho døydde i desember 2004 etter kort tids sjukdom.

Utmerkingar og lovprisingar[endre | endre wikiteksten]

M.S. fekk fleire prisar for songen sin. Nokre av dei største var Sangeetha Kalanidhi («Musikalsk skatt» - M.S. var den første kvinna som fekk prisen), Padma Bhushan og Padma Vibhushan frå den indiske staten. Ho fekk òg æresdoktorat ved fleire indiske universitet.

Andre indiske musikarar sette henne òg høgt. Lata Mangeshkar kalla henne tapaswini (ei kvinne vigd til det spirituelle), Ustad Bade Ghulam Ali Khan meinte ho var Swaralakshmi (gudinna av notane), og Kishori Amonkar kalla henne aathvaan sur, den åttande noten som står over alle dei sju andre på skalaen.

Framføringa hennar av dei viktige Meera-bhajanane blir sett stor pris på den dag i dag, og skal ha rørt Mahatma Gandhi så mykje at han bad henne syngja Hari Tum haro Jan ki bheer (Herre, frels menneskja frå frykta). Han vart fortald at ho ikkje kunne denne songen. Gandhi svarte straks at «Eg vil mykje heller høyra Subhulakshmi tala songen enn å høyre han sungen av andre.»

Den første statsministeren av det frie India, Jawaharlal Nehru, skal ha vorte så begeistra etter ei framføring i Delhi at han etterpå bøygde seg for M.S. og sa: «Kva er eg, berre ein statsminister, framfor dronninga av musikken