Meter over havet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå M.o.h)
Morfologisk kart over Alpane der høgdenivå i meter over havet er gjevne med fargar.
Omgrepet meter over havet (forkorta moh.) vert brukt for å definere høgda til eit punkt i høve til havnivået, målt i meter. Nemninga meter under havet blir brukt noko sjeldnare, om stader som ligg lågare enn havnivået. I somme land er det vanleg å oppgi slike mål i fot istaden for meter.
På kart er høgda over havet gjerne markert med fargar eller kotar. Høgda til innsjøar, fjell, åsar, fordjupingar og andre topografisk interessante punkt kan òg bli markert med tal.

