M/S «Lance II»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

M/S «Lance II» var ei ishavsskute frå Gratangen kommune i tidlegare Troms fylke, som gjekk ned i 1974. 11 av mannskapet på 13 omkom. Båten var ein selfangstbåt og snurpenottråler, og var eit av flaggskipa i lokalsamfunnet.

11. februar 1974 gjekk båten på grunn ved fuglefjellet SyltfjordstauranFinnmarks-kysten. Det var midt i loddefisket, så mange båtar var i nærleiken og kom til for å hjelpe. M/S «Artus» frå Herøy på Sunnmøre var først ute og prøvde å skyte over ei redningsline. Grunna tung sjø lukkast dei ikkje med det. Redningsskøyta som kom til, lukkast heller ikkje. Eit minnemerke over dei omkomne står ved Gratangen kyrkje.

Boka Kald morgon frå Orkana forlag omhandlar forliset og er skriven av Harald Hansen som skulle ha vore med på turen, og journalisten Gunnar Sætra.