M25

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein liten bit av motorvegen.
Englandskart med motorvegar avteikna. M25 er markert med ein blå sirkel rundt London.

M25 er ein motorveg som går rundt London i England. Med ei lengd på omkring 188 km er vegen den lengste ringvegen i verda.

Den har i hovudsak tre filer i kvar køyreretning, med nokre mindre strekningar med to eller fire i kvar retning. Med omkring 200 000 køyretøy i døgnet blir den rekna som den travlaste motorvegen i Europa. Det har vore ei enorm auke i talet trafikantar; i 1987 trudde ein at det var omkring 100 000 køyretøy i døgnet.

M25 er ikkje ein slutta ringveg, då ein mellom Thurrock og Dartford må køyre A282 over Themsen, medan ein ved Sevenoaks må køyre M26 og M20 eit stykke for å kome rundt byen. Når ein kjem frå nord går M25 rett over i A21, som går til Hastings.

Tanken om ein ringveg rundt London blei introdusert tidleg i det 20. hundreåret. I 1937 kom den første konkrete planen, og i 1945 blei det foreslått fem separate vegar rundt hovudstaden. Dette blei redusert til to ringar, M25 (opphavleg tenkt som M16) og den mindre indre ringen som skulle bli M15, men som framleis er A406.

Vegen blei konstruert i seksjonar frå 1975 til 1985. Det blei først konstruert seksjonar der trafikken skapa størst problematikk, og der ein hadde fått aksept frå lokale myndigheiter. Den blei offisielt opna i oktober 1986 av dåverande statsminister Margaret Thatcher, då mellom London Colney og South Mimms.

M25 er plaga av at det ofte dannar seg kø. Dette såg ein før vegen opna, og Thatcher kritiserte i opningstalen sin dei som «klaga og sytte». Kritikarane fekk derimot rett, og vegen har blant anna blitt omtalt som «den største parkeringsplassen i verda». Den har inspirert songar som «Road to Hell» av Chris Rea. I Good Omens, ei bok av Terry Pratchett og Neil Gaiman blir den spøkefullt omtalt som det beste dømet på påverkinga Satan har på jorda.

Delar av vegen har blitt utstyrt med eit eksperimentelt trafikkontrollsystem kalla MIDAS (Motorway Incident Detection and Automatic Signalling). Systemet er basert på at ei rekkje trafikk- og versensorar, fartskamera og variable snøggleiksskilt skal kunne redusere kødanninga med minimal menneskeleg innblanding. Forholda har betra seg på strekninga kor systemet er innført, og det er i planane å innføre det på heile M25 over tid.