MOS Technology Inc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lydbrikker til C64: Til venstre ein 8580 mikrobrikke frå MOS Technology og til høgre ein 6581 mikrobrikke frå den tida føretaket var kjend som Commodore Semiconductor Group (CSG). 0488 og 3290 står for veka og året brikkene vart produsert.Det siste talet er truleg eit serienummer.

MOS Technology Inc, også kjend som Commodore Semiconductor Group, var eit amerikansk føretak som vart starta i 1969. MOS Technology produserte mikrobrikker som vart nytta i kalkulatorar frå kundar som Texas Instruments og Commodore International.

I 1975 sa nokre av ingeniørane bak Motoroloa 6800 prosessoren opp stillingane sine i Motorola og slutta seg til MOS Technology som lét dei utvikle prosessoren MOS 6501. Ettersom denne prosessoren var designmessig lik M6800 kunne prosessoren nytta dei same hovudkorta. Dette fekk Motorola til å gå til søksmål mot MOS Technologies, sjølv om prosessorane elles ikkje var kompatible med kvarandre. Denne striden varte i mange år og MOS technologies måtte etterkvart betale 200 000 dollar til Motorola.

I mellomtida kom prosessoren MOS 6502, denne var lik forgjengaren men kunne ikkje nytte same hovudkort som M6800 ettersom kontaktane var forskjellig. Prosessoren var likevell billegare og raskare enn Motorola sin M6800, samt Intel 8080.

Trass i suksessen som MOS 6502 hadde, var MOS Technologies i økonomiske vanskar. Salet av kalkulatorar stupte og føretaket vart kjøpt opp av Commodore International i 1975. Oppkjøpet resulterte i MOS Technologies etterkvart skifta namn til Commodore Semiconductor Group. Likevell vart mikrobrikkene stempla med den gamle MOS logoen heilt fram til 1989. Då Commodore International gjekk konkurs i 1994, vart Commodore Semiconductor Group seld til GMT Microelectronics. GMT Microelectronics vart tvangslikvidert i 2001.