MP3-spelar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei rekkje iPodar, som kan spela av lyd på MP-format.
Kombinert MP3- og CD-spelar (Philips Expanium)

Ein MP3-spelar er eit lydavspelar for MP3-filer, eller audiostraumar. MP3-filer inneheld komprimert lyd, så MP3-spelarar inneheld ein kodek som dekodar filene til PCM. For avspeleing av MP3-filer lagra på platelagret i ein PC, eller frå ein audiostraum, vert det nytta MP3-spelarar realiserte som programvare. Berbare MP3-spelarar lagrar MP3-filene i eit flash-minne, eller eit miniplatelager, og dekodinga foregår ofte i ein ASIC.

I berbare spelarar vert PCM-audio-straumen omforma til analoge signal i ein DA-omformar. PCM-straumen frå ein programvareavspelar vert senna til ein audiotenar, eller direkte til eit audiolågnivågrensesnitt.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.