MPC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MPC står for «MIDI Production Center» og er ein populær serie samplarar frå den japanske musikkutstyrsprodusenten AKAI. Den første modellen, MPC 60, vart gjeve ut i 1988 og var hovudsakleg konstruert av Roger Linn. Produktet vart ein suksess særleg i hiphop-krinsar, der innflytnadsrike produsentar som DJ Premier, J Dilla, Mannie Fresh, Pete Rock, DJ Quik og Just Blaze så vel som norske stordommar som Poppa-Lars og The Afterglow har omfamna det og basert produksjonsoppsettet sitt på det. Saman med Ensoniq ASR-10 vert MPC'en rekna som den beste samplaren i hiphopmusikk. Det finst seks hovudmodellar av MPC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

engelsk wikipedia