MS «Atløy»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Atløy»

MS «Atløy» er eit motorskip som vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF), det som no er Fjord1 Fylkesbaatane. Båten vart kontrahert i 1930, og levert Fylkesbaatane den 31. oktober 1931. Båten, som var laga i jern, var eit kombinert laste- og passasjerfartøy og hadde sertifikat for 120 passasjerar. Den gjekk i rute kysten mellom Bergen og Sogn og Fjordane fram til 1960. I 1974 vart båten seld til diverse eigarar under namnet «Latøy».

Etter å ha ligge i opplag i mange år, vart «Latøy» kjøpt opp vinteren 1981 av Solund Mekaniske Verkstad. Dåverande disponent, Jostein Eldøy, kjende godt til båten som no var den siste jernbåten etter FSF. Fram til 1983 prøvde ein på dugnad å gjere i stand båten, men arbeidet viste seg å verte for krevjande. Fylkeskultursjefen fekk båten til Florø, der Ankerløkken Verft fekk sysselsetjingsmidlar øyremerka til oppussinga. Etter eit ferjesal gav FSF frå seg namnet, og MS «Atløy» kunne igjen sigla under gamlenamnet. I tre sesongar vart MS «Atløy» leigd ut til FSF, som nytta den i turistrute, men dette gav ikkje nok inntekter, og båten forfall på ny.

I 1995 tok stiftinga Atløys Venner over drifta av båten, og med støtte frå Riksantikvaren og fylkeskomunen vart båten sett i stand att. Våren 1999 mista Atløys Venner passasjersertifikatet, men fekk det tilbake før Nordsteam 2000.

Det er andelslaget Atløy som eig MS «Atløy», medan Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar i det daglege. Atløys Venner driv båten, i tett samarbeid med Kystmuseet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]