MS «Berge Stahl»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Berge Stahl»
Karriere i Noreg
Type: Tørrlasteskip
Eigar: BW Group
Registreringshamn: Stavanger
Verft: Hyundai Heavy Industries, Korea
Byggjenummer: 416
Sett i teneste: 1986
Identifisering: IMO-nummer: 8420804
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 364,767 tonn
Lengd: 343 m
Dekkbreidde: 65 m
Djupgang: 23 m
Fart: 11-12 mil marsjfart (13,4 mil full fart.) knop

Berge Stahl var fram til 2011 det største bulkskipet i verda. Det vart bygd ved Hyundai i Sør-Korea for det norske reiarlaget Bergesen og var registrert i Stavanger. Seinare var det registrert ved Douglas, Isle of Man.

På grunn av den massive storleiken, var det berre to hamner Berge Stahl kunne legge til ved, fullasta, Ponta da Madeira i Brasil og Europoort ved Rotterdam i Nederland. Skipet gjekk i fart med jernmalm.

I desember 2016 hadde det si siste reise får Ponta da Madeira til Rotterdam.

Frå våren 2017 var Berge Stahl sett inn i fart mellom Ponta da Madeira og Teluk rubiah i Malaysia. Dette etter å ha fått fornya sertifikata sine i april 17; fornyinga gjaldt fram til nyårsaftan 2021.

Skipet vart opphogge i 2021.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Berge Sthal, henta 21-11-1