MS «Bourbon Dolphin»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MS «Bourbon Dolphin»
Karriere i Noreg
Type: Ankerhandteringsfartøy
Eigar: Bourbon Offshore Norway
Verft: Ulstein Verft, Norge
Jomfrutur: 2006
Lagnad: Forliste i 2007
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 2 974 bruttotonn tonn
Lengd: 75,20 m
Dekkbreidde: 17,00 m
Djupgang: 17,5 m
Kapasitet: 486 m2 lastedekk

MS «Bourbon Dolphin» var eit ankerhandteringsskip eigd av reiarlaget Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg. Skipet var bygd ved Ulstein Verft i 2006 og var av typen «Ulstein A102.». Skipet kantra under ankring av flyteriggen Transocean Rather om lag 75 nautiske mil nordvest for Shetland, klokka 18.20 den 12. april 2007. Sju av mannskapet på 15 blei redda i live, tre blei funne omkomne og fem rekna som sakna.[1] Dei overlevande blei transportert til Lerwick på Shetland. Augevitne fortalde at ankerkjettingen kom over på babord side og drog båten rundt.[2]

Søndag 15. april kl. 22.16 sokk «Bourbon Dolphin» på 1100 meters djupne>[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]