MS «Christian IV»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Christian IV» utanfor Kristiansand.

MS «Christian IV» var eit skip eigd av Color Line, som trafikkerte rutene Oslo - Hirtshals (1991 - 1994), Kristiansand - Hirtshals (1994 - 2008) og Larvik - Hirtshals (2008). Den 20. mai 2008 vart skipet seld til Stella Navis Russia som tok over skipet i byrjinga av av juli 2008. Med namnet «MS Julia» trafikkerte skipet HelsingforsSt. Petersburg fram til Stella Navis gjekk konkurs den 6. november 2008. Det er no den finske kreditoren Aktia Savings Bank som eig ferja som no er i opplag i Finland.

Fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

Restaurantar:

  • Trattoria Riviera
  • Captains Grill à la carte Restaurant
  • Fairytale Buffét restaurant
  • Seaside Café

Underhaldning:

  • Irish Corner Pub
  • Colorama Dancing
  • Kino

Shopping:

  • Taxfree Market
  • Color Shop
  • Perfume Shop

Olau Line[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd som MS «Olau Britannia» av AG Weser Seebeckswerft, Bremerhaven, Tyskland i 1982 og levert til Olau Line Ltd same året. Skipet vart då sett i rute mellom engelske Sheerness og nederlandske Vlissingen saman med systerskipet «Olau Hollandia». I 1989 vart begge skipa seld, sidan Olau bygde to nye og større skip til den ruta. «Olau Britannia» vart seld til Fred. Olsen & Co medan systerskipet vart seld til Nordström & Thulin Ab. Den 21. mai 1990 hadde skipet sin siste overfart mellom Sheerness og Vlissingen og fortsette etter det til Hamburg.

Fred. Olsen & Co[endre | endre wikiteksten]

Ved Blohm & Voss verftet i Hamburg fekk skipet nye fargar og vart døypt om til «Bayard». I juni 1990 vart skipet sett inn i rute mellom Kristiansand og Hirtshals i somarhalvåret og Oslo og Hirtshals i vinterhalvåret. Same året vart skipet seld til Color Line A/S.

Color Line[endre | endre wikiteksten]

Då skipet vart levert til Color Line i 1991, fekk skipet namnet «Christian IV» og sett i rute mellom Oslo og Hirtshals. I 1994 bytta skipet rute ettersom den nyare og større MS «Color Festival» skulle ta over ruta mellom Oslo-Hirtshals. «Christian IV» gjekk då tilbake til ruta Kristiansand - Hirtshals. I 1999 fekk skipet fleire restaurantar og større konferanserom ved Fredericiaverftet i Danmark. Skipet vart igjen bygd om ved Remontowaverftet i Gdansk, Polen i 2005. Den 13. mars 2008 vart «Christian IV» erstatta av den nye og større ferja MS «Superspeed 1», som høyrer til den nye Superspeed-klassen til Color Line. Sidan MS «Superspeed 2» vart forsinka, måtte MS «Christian IV» vikariere for MS «Peter Wessel» på ruta Larvik - Hirtshals fram til MS «Superspeed 2» kom i juni 2008.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Byggeår: 1982
  • Byggjestad: Tyskland
  • Register: Norge
  • Heimehamn: Kristiansand
  • Tonnasje: 21699 BRT
  • Lengde: 154 meter
  • Bredde: 24 meter
  • Djupgåande: 5,8 meter
  • Klasse: Det Norske Veritas
  • Max fart: 20 Knop
  • Gjestekapasitet: 2048
  • Lastekapasitet: 530

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]