MS «Eidfjord»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: MS «Eidfjord»
Eigar: HSD
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 64
Sjøsett: 1935
Teke ut av teneste: 1973
Kjennemerke: LIZO
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 162 brt, 75 nrt
Lengd: 31,89 m
Breidd: 6,30 m
Djupgang: 3,15 m
Installert effekt : 200 bHK
Framdrift: 4cyl. 2T EV Wichamnn RM
Generelle mål etter ombygging i 1953
Tonnasje: 195 brt
106 nrt
Karriere  Storbritannia
Namn: MS «Tartan Arrow II»
Eigar: 1973: Tartan Arrow Marine Ltd.
1975: R. S. Dymond
1977: Gerard B. Sewell
Teke ut av teneste: 1973
Heimehamn: London
Kjennemerke: LIZO
Karriere  Kypros
Namn: MS «Gianna Maria»
Eigar: Garry Lake Shipping Co. Ltd.
Sett i teneste: 1978
Teke ut av teneste: 1978
Heimehamn: Limassol
Kjennemerke: LIZO
Lagnad: Ukjend, stroke frå alle lister i 1987

MS «Eidfjord» var ein lokalrutebåt som vart levert til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1935 og som gjekk i rute til 1973.

MS «Eidfjord»[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart levert frå AS Mjellem & Karlsen i Bergen i april 1935 for kr. 200 000. Ho vart nytta i turistrute NorheimsundEidfjordUlvik i sommarhalvåret, og avløyste lokalrutebåten til reiarlaget, MS «Granvin»).

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då Noreg vart invadert 9. april 1940 gjekk «Eidfjord» i rute i Indre Hardanger. Ho vart rekvirert som troppetransport for norske soldatar saman med «Granvin» og «Hordaland» som var i same området.

25. april 1940 frakta «Eidfjord» og «Granvin» norske soldatar frå Kinsarvik til Granvin, då fem tyske motortorpedobåtar gjekk til åtak på dei norske styrkane i Ulvik. «Eidfjord» vart teken som krigsbytte, medan «Granvin» rakk å kome seg ut før sjølve åtaket. HSD gjekk i mot at «Eidfjord» kunne takast som krigsbytte og etter mykje korrespondanse, omgjorde tyskarane forholdet til rekvisisjon, men heldt båten like til freden og i mai 1945 vart ho levert attende til HSD i nedsliten stand.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

I juli 1945 vart skipet omfattande overhalt ved Frydenbø Slip på Damsgård i Bergen og i september same året var «Eidfjord» attende i fart igjen. Sommaren 1949 vart ho nytta i turistruta Odda – Granvin, og sommaren 1950 i turistruta Odda – Norheimsund.

I 1953 vart ruta korta ned til den opphavlege strekninga: Norheimsund – Ulvik. «Eidfjord» vart nytta i lokalrutefart i Sunnhordland i vinterhalvåret (HSD-båten «Tysnes» som elles gjekk i ruta, låg typisk i vinteropplag).

I 1955 vart skipet ombygd og modernisert og overbygget vart innkledd akterut, i tillegg til at det vart bygd ny salong. I 1958 vart turistruta lagt ned for ei stund, men ho vart attende i 1962 i turistruta Norheimsund – Ulvik. Ruta hadde starta opp igjen i 1961 med HSD-båten «Halsnøy»). I 1963 vart ho sett inn i Sunnhordland Lokalrute (LeirvikMosterhamnValevåg – Leirvik – HalsnøySunde), der ho avløyste «Tysnes», som no vart selt.

31. mai 1966 gjekk «Eidfjord» den siste turen i Sunnhordland lokalrute. Ruta vart deretter overteke av reservebåten til reiarlaget, «Bjoa» (og året etter innleigde «Onarøy»).

1. juni 1966 vart «Eidfjord» sett inn i Midthordlandsruta, der ho avsløyte sjøbussen «Midthordland» som HSD måtte nytte i Kvinnheradsruta. Ruta var slik: tirsdag og torsdag: Bergen (avgang kl.14.30) – BjelkarøySkorpo – Nordstrøno – Askvik – Øyernes og Vedholmen – Skår -Våge – Godøysund – Lundegrend – Sundvor – Nordtveitgrend – Baldersheim – Revnesstrand – Strandvik – Engjavik (ank. kl.21.25). Mandag, onsdag og fredag (?): Os – Øyernes og Vedholmen – Skår -Våge – Godøysund – Lundegrend – Sundvor – Nordtveitgrend – Baldersheim – Revnesstrand -Strandvik – Engjavik (?).

31. mai 1968 vart ho sett inn i lokalrute i Austevoll og Fitjar, der ho avløyste den innleigde lokalrutebåten «Skjærgaard». I september 1973 vart ho teke ut av fart.

Etterhistorie[endre | endre wikiteksten]

Desember 1973 vart «Eidfjord» seld til Tartan Arrow (Marine) Ltd. i London i England og omdøypt «Tartan Arrow II». Ho vart selt vidare i 1975 til R. S. Dymond i England, i 1977 til Gerard B. Sewell i London og nytta som yacht. I 1978 vart ho selt til Gordon Bruce & Helen Bridland i London og nytta som yacht i Middelhavet. Same året vart ho seld til Garry Lake Shipping Co. Ltd. i Limassol i Kypros. Skipet fekk då namnet «Gianna Maria». 29. september 1978 var ho derimot stroke frå kypriotisk register og i april 1987 vart ho stroke frå Lloyd's Register. Kva lagnaden hennar var er ukjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skipet.no
  • «Fjordabåten» Dag Bakka jr. 1994
  • «Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980» Bård Kolltveit 1980
  • «Båtene våre, -hvor ble de av?» Dag Bakka jr. for Bergens Tidende 1984(?)
  • Artikkel i «Dampskipsposten» no.72 1/2005 av Arne Tvedt