MS «Gamle Oksøy»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Oksøy»
Gamle Oksøy.JPG
«Gamle Oksøy» ved Bredalsholmen i 2010
Karriere
Type: Forsyningsskip
Byggherre: Kystverket
Verft: Brdr. Lothe, Haugesund
Overtatt: 1962
Tatt ut av teneste: 1996
Omdøypt: «Gamle Oksøy»
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 330 BT tonn
Lengd: 41,42 m
Dekkbreidde: 7,42 m

«Gamle Oksøy» er eit tidlegare forsyningsskip i Kystverket. Fartøyet er no verna og eigd av Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter. Under tenesta i Kystverket var namnet «Oksøy». Då det i 1997 vart gitt som gåve til Bredalsholmen frå Fiskeridepartementet, vart namnet «Gamle Oksøy».

«Oksøy» vart bygd hjå Brdr. Lothe i Haugesund, for Kystverket, i 1962. «Oksøy» vart brukt til å transportere av parafin og gass til fyrlykter, og var registret som tankskip. Etter kvart som fyrlyktene vart ombygde til solcelle- og batteridrift, vart det mindre bruk for tankskipet. Det vart teke ut av drift i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]