MS «Norröna»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MS «Norröna»
Norröna.jpg
MS «Norröna» i Tórshavn
Karriere i Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Type: Bilferje
Eigar: Smyril Line
Kostnad: 93,4 millionar euro
Verft: Flender Werft i Tyskland
Verftsnummer: 694
Sjøsett: 24. august 2002
Døypt: 7. april 2003
Ferdigbygd: 2003
Jomfrutur: 10. april 2003
Heimehamn: Tórshavn
Identifisering : IMO 9227390
Status: I drift
Merknader: skrogmateriale: stål
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 35 966 (BT) tonn
Daudvekt: 6 113 tonn
Lengd: 161 m
Dekkbreidde: 33,5 m
Djupgang: 6 m
Fart: 21 knop
Passasjerar: 1 482
Bilar: 800 (evt. 130 vogntog)
Mannskap: 118

MS «Norröna» er ei kombinert bilferje og passasjerskip (cruiseferje) eigd av det færøyske reiarlaget Smyril Line. Skipet blei overlevert i april 2003, og var byggnummer 694 ved Flender Werft i Lübeck i Tyskland. Kjøpesummen var 93,4 millionar euro. Sidan overleveringa har MS «Norröna» gått i rutetrafikk mellom Færøyane, Island, Danmark, Storbritannia og Noreg, frå 2009 berre mellom Danmark, Færøyane og Island.

Historie[endre | endre wikiteksten]

MS «Norröna» ved Koltur på Færøyane
Foto: Erik Christensen

Sia 1984 blei den såkalla The North Atlantic Link-ruta i Nord-Atlanteren trafikkert av det fyrste skipet til reiarlaget, som også hadde namnet MS «Norröna» (bygd i 1973). Allereie i 1995 blei planer om eit nytt skip diskutert, og grunna aukande trafikk, beslutta reiarlaget ved årtusenskiftet å bygge ei ny og moderne cruiseferje for å erstatte gamle MS «Norröna». Byggekontrakta blei inngått med det tyske verftet Flensburger Schiffbau-Gesellschaft mbH & Co. i Flensburg, men oppdraget blei seinare overført til Flender Werft i Lübeck. Kjølstrekkinga fann stad 7. januar 2002, og skroget blei sjøsett 24. august 2002. Overleveringa fann stad 7. april 2003, og tre dagar seinare la MS «Norröna» ut på jomfruturen sin på ruta mellom Færøyane, Island, fastlandsnorden og Shetland.

15. januar 2004 kolliderte MS «Norröna» med kaia i Tórshavn på Færøyane, og fekk ei ti meter lang flenge i skroget. Skipet blei reparert ved det tyske verftet Blohm & Voss i Hamburg, og 20. mars same år var skipet tilbake i rute igjen. 11. november 2007 kom MS «Norröna» i vanskelegheiter da det undervegs frå Bergen til Tórshavn fekk maskinproblem i dårleg vêr. Skipet krenga valdsamt, og cirka 60 køyretøy på bildekka blei skada, fleire blei totalskada[1]. Skipet gjekk til LerwickShetland og fekk utført mindre reparasjonar før det returnerte til ruta.

Shetland blei fjerna frå ruteplanen i 2008. I 2009 blei også seglingane til Bergen og Scrabster i Skottland sløyfa på grunn av store økonomiske problem i reiarlaget Smyril Line[2].

Skipet[endre | endre wikiteksten]

MS «Norröna» i Seyðisfjörður
Foto: Erik Christensen

Tonnasjen til MS «Norröna» er 35 966 bruttotonn, 15 922 nettotonn (NT), og lasteevna er 6 113 dødvekttonn. Framdrifta blir gitt av fire Caterpillar 6M43 dieselmotorar kopla parvis på to propellakslingar. Oppgitt totaleffekt er 30 000 hestekrefter (bhk). Dei to propellane er levert av Schottel Schiffsmaschinen i Wismar i Tyskland, og har vribare blad. I tillegg har skipet to sidepropellar i baugen med effekt på 4 755 hestekrefter (bhk). Tre dieseldrivne generatorar produsert av Caterpillar gir elektrisk kraft, to av typen 9M20, og én 6M20. Nødgeneratoren er ein Cummins KTA38-D(M) som også går på diesel. Samla lengde på oppstillingsplassane på bildekket er 1 830 meter, og det er plass til 800 personbilar eller 130 vogntog.

MS «Norröna» er sertifisert for 1 482 passasjerer, og har 1 012 køyeplassar fordelt på 318 lugarar. Alle lugarane har fjernsyn og dusj/WC. Skipet er utstyrt med aktive stabilisatorar midtskips, og har helikopterdekk akterut på øvste dekk. I høgsesongen har MS «Norröna» eit mannskap på 118, mens det i lågsesongen er redusert til 20-25, avhengig av passasjertalet. Minimumsbemanninga er tre på brua, fem i maskinen og seks på dekk.

MS «Norröna» har IMO-nummer 9227390.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. bt.no: Knust på fergedekket (lese 16. juni 2009
  2. bt.no: Smyril dropper Bergen (lese 16. juni 2009)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]