MS «Sunnhordland» (1943)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristina Brahe in Savonlinna harbour in June 2008.jpg
Kristina Brahe i Savonlinna juni 2008.
Karriere Flag of the United States.svg USA
Namn: USS «PCE 830»
Eigar: US Navy
Verft: Pullman-Standard Car Company i Chicago i Illinois
Sjøsett: 13. juni 1943
Kjennemerke: LMUU
Generelle mål
Type: Eskortefartøy
Deplasement: 795 tonn
Lengd: 177,0 fot (53,9 m)
Breidd: 33,1 fot (10,1 m)
Djupgang: 9,1 fot (2,8 m)
Installert effekt : 1800 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. 2T EV DM (General Motors Corp.)
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: HMS «Kilchrennan»
Eigar: Royal Navy
Sett i teneste: Juni 1943
Teke ut av teneste: 1946
Karriere Flag of the United States.svg USA
Namn: USS «Kilchrennan»
Eigar: Royal Navy
Sett i teneste: 1946
Teke ut av teneste: 1947
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sunnhordland»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: 1949
Teke ut av teneste: 1974
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MS «Kristina Brahe»
Eigar: Oy Fagerlines Ab, Helsinki/Kriistina, SF.
1986: Rannikkolinjat Oy, Kotka, SF
1991: Kristina Cruises Ltd., Kotka
2010: Saimaan Matkaverkko Oy, Lappeenranta/Kotka
Lagnad: Framleis i fart.
Generelle mål etter ny motor 1985
Installert effekt : 1735 bHK
Framdrift: 2x 8cyl. 4T DM (Caterpillar Inc., Peoria IL)

USS «PCE 830» er eit motorskip bygt i 1943 for US Navy i USA som som eskortefartøy. Skipet vart innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) i 1947 og bygt om for passasjer og godstrafikk og døypt «Sunnhordland». Skipet er framleis i cruisefart i Finland under namnet «Kristina Brahe». Ho gjer korte turar på 2-5 dagar i Austersjøen og på Saimen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit systerskip, PCE-872

Skipet vart levert som USS «PCE 830» for US Navy i 1943. I juni same året vart ho overført til The Royal Navy og omdøypt «HMS Kilchrenan». I 1946 vart ho levert attende til US Navy og fekk namnet USS «Kilchrenan».

I 1947 kjøpte HSD i Bergen skipet for ombygging ved Bergens mek. Verksted. Skipet var klar for fart i juni 1949 som «Sunnhordland». Skipet gjekk i rute for HSD til mars 1974, då det vart seld til Oy Fagerlines Ab i Helsingfors/Ristiina i Finland. Ho fekk då namnet MS «Kristina Brahe». I 1985 fekk ho ny motor og året etter vart ho seld til Rannikkolinjat Oy i Kotka. Ho fekk ny eigar i 1991 då ho vart seld til Kristina Cruises Ltd. i Kotka. I august 2010 vart ho seld til Saimaan Matkaverkko Oy og er framleis i trafikk mellom hamner ved Saimen og ved Finskebukta unner namnet MS «Brahe»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]