MS «Tideadmiral»
MS «Tideadmiral» er ein katamaran, bygd i 2010 for Tide Sjø (seinare Norled). Systerskipet er MS «Tideekspress». Skipet går i rutene mellom Bergen og Sogndal, og Bergen og Selje.
Tidlegare gjekk Tideadmiral i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.
MS «Tideadmiral» blei bygd ved Oma Båtbyggeri A/S på Stord og er bygg nr 529. Båten er bygd i aluminium og har ei lengd på 33 meter og er 11 meter brei. Passasjerkapasiteten er på 285 passasjerar.
Teknisk informasjon[endre | endre wikiteksten]
- Byggjeår: 2010
- Kallesignal: LFJJ
- Bygd av: Oma Båtbyggeri AS, Stord (byggjenummer 529)
- Brutto RT: 416
- Netto RT: 142
- Dødvekttonn: 50
- Lengd: 32,5 meter
- Breidd: 11 meter
- Fart: 38 Knop
- Passasjerkapasitet: 285
- Motor: 4 x MAN D2842 LE410 EDC
Historie[endre | endre wikiteksten]
- 2010: 1. mars: Levert som «Tideadmiral» for Tide Sjø AS (Tide ASA), Bergen
- 2010: Fekk påmontert teleskoplandgang i akterenda.
- 2012: Vart noko ombygd ved Oma Slipp. Denne ombygginga omfatta påmontering av nye landgangar bak, ny landgang i baugen og montering av baugfenderar.
- 2012: Reiarlaget endra namn til Norled
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- www.skipet.no / Per Alsaker
- www.norled.no (Reiarlaget)
- Oma.no (Verftet)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Video av «Tideadmiral» på Vågen i Bergen.