Maar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre maarar nær Daun

Ein maar er eit breitt og lågt vulkankrater skapt av eit freatisk utbroteller eksplosjon av grunnvatn i kontakt med varm lava eller magma. Ein maar vert vanlegvis fylt med vatn i form av ein relativt grunn kratersjø. Namnet kjem frå ein lokal tysk dialekt frå Daun, som igjen kjem frå det latinske mare (sjø). Maar er mellom 60 til 200 meter på tvers og frå 100 til 200 meter djupe og er som regel fylt med vatn som dannar naturlege innsjøar. Dei fleste maarane har ein låg kant som består av lause fragment av vulkansk stein.

Weinfelder Maar, ein av dei tre maarane som først vart skildra.

Ein finn maarar mellom anna i Eifel-området i Tyskland, der dei først vart skildra og i andre geologisk unge vulkanområde i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]