MacBook Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
11-tommar-modellen av MacBook Air

MacBook Air er ein serie ultraportable berbare datamaskinar laga av Apple Inc. Serien var utvikla med tanke på å lage ein datamaskin som er kraftig, men også tynn og lett; han har eit tastatur i full storleik og er laga i eitt heilstøypt stykke aluminium som gjer at tjukna og vekta blir låg. MacBook Air er tilgjengeleg i to storleikar: 11,6 tommar og 13,3 tommar (eller høvesvis 29,46 cm og 33,78 cm). Måla refererer til den diagonale storleiken på skjermane. Det er eit utval av modellar med ulike spesifikasjonar, men alle modellane bruker SSD-lagring og Intel Core i5 eller i7 CPUar.[1] MacBook Air har inspirert andre produsentar til å utvikle konkurrerande ultraportable berbare datamaskiner som køyrer Microsoft Windows.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MacBook Air. Vitja 20. august 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: MacBook Air
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.