Macgillycuddy's Reeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Macgillycuddy's Reeks
Carrauntoohil (i midten 1 038 m), den høgaste toppen i Macgillycuddy's Reeks.

Macgillycuddy's Reeks (Na Cruacha Dubhairsk, tyder «Dei svarte pipene») er ei fjellkjede i County Kerry i Republikken Irland. Dei strekkjer seg litt over 19 km og inneheld dei høgaste fjella på Irland (Carrauntoohil med 1 038 m, Beenkeragh med 1 010 m og Caher med 1 001 m) og over 100 andre såkalla Hewitt-fjell (fjell på Dei britiske øyane på over 2000 fot). Fjella består av sandstein forma av isbrear og ligg på halvøya Iveragh nær Killarneysjøane.

Namnet på kjeda kjem frå 1700-talet etter den irske klanen Macgillicuddy (eller McGillicuddy) som eigde landområdet i denne delen av County Kerry i lang tid fram til siste del av 1900-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°1′N 9°42′W

Kjelder[endre | endre wikiteksten]