Machu Picchu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Machu Picchu
ruinby
Land  Peru
Del av Historic Sanctuary of Machu Picchu
Kart
Machu Picchu
13°09′47″S 72°32′44″W / 13.163055555556°S 72.545555555556°W / -13.163055555556; -72.545555555556
Wikimedia Commons: Machu Picchu
Machu Picchu.
Foto: Martin St-Amant

Machu Picchu (quechua, «Det gamle fjellet», også kjent som den tapte inkabyen) er ein prekolumbisk ruinby frå inkariket i fjellet over Urubambadalen i dagens Peru. I luftlinje ligg han om lag 73 kilometer nordvest for Cuzco, på kring 2430 moh.

Ruinane er i ei mykje god stode, og mange reknar Machu Picchu som det fremste symbolet på inkakulturen. Byen var gløymt i hundreår av verda utanfor, men ikkje av dei lokale samfunn nær ved, han vart «gjenoppdaga» så seint som 24. juli 1911 av Hiram Bingham.

Machu Picchu har stått på UNESCO si verdsarvliste frå 1983.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er foreslått at sapa inka Pachacútec starta bygginga omkring 1440, og at byen var i bruk fram til inkarikets fall i 1532. Resultat frå arkeologiske undersøkingar heldt saman med tidlegare dokument frå kolonitida tyder på at Machu Picchu ikkje var ein vanleg by, men ein landsens «ferieby» for dei øvre klasser i samfunnet. Men eksakt kva funksjon byen hadde veit ein ikkje sikkert, her har vore kasta fram mykje ulike gissingar. Byen hadde eit stort palass og fleire tempel for inkaguddommar rundt ein gardsplass, med andre bygningar for tenestefolk. Det budde ikkje meir enn rundt rekna 750 til 1000 menneske i byen på det meste, og berre få av dei budde der i regntida og i periodane då det ikkje var nobilitetar der.

Gjenoppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Den 24. juli 1911 gjorde Hiram Bingham den vestlege verda merksam på eksistensen av «den tapte inkabyen». Bingham var ein USA-amerikansk historikar tilsett ved Yale University. Han hadde vore på søk etter ein by kjent som den siste tilfluktsstaden og staden for motstand frå inkaene. Etter mange år med utforsking i sona mellom Urubambadalen og Apurimacelva hende det i 1911 at lokalkjente landsbyfolk leida Bingham opp til komplekset. Den gongen var det meste av ruinane overgrodd av vegetasjon. Bingham organiserte arkeologiske arbeid fram til 1915 og gjorde ferdig eit oversyn over funn i området. Han fann på namnet The Lost City of the Incas, gav ut første boka si med same tittel og gav ut fleire bøker og artiklar om funnet av Machu Picchu. Bingham meinte han hadde funne Vilcabamba. I dag er det semje om at Vilcabamba eigentleg var identisk med ein annan ruinby, i dag framleis ikkje utgraven og rydda. Den byen var kjent som Espíritu Pampa frå Bingham gjenoppdaga han i 1911.

I 1913 blei staden vidt kjent då heile aprilutgåva frå National Geographic Society handla om Machu Picchu.

Vern[endre | endre wikiteksten]

I 1981 fastsette styresmakta eit 326 kvadratkilometer stort område kring ruinane som eit peruansk historisk verneområde. I det verna arealet inngår òg landskapet rundt Machu Picchu med flora og fauna som finst der, med vekt på det rike utval av orkidéartar.

Om retten til funngjenstandar[endre | endre wikiteksten]

I dei seinare år er det reist tvil om Bingham hadde førsterett på funna i Machu Picchu. Tre personar har gravert namna sine i ein stein der og datert den 14. juli 1901. Bingham skal ha utført 5000 arkeologiske gjenstandar til Yale University. Den peruanske regjeringa har bede om attendelevering, og no er det ein veksande opinion i Peru om at aktivitetane åt Bingham var jamgodt med plyndring av den kulturelle arvegods til peruanarane. Seint i 2005 kom ei kunngjering om at Peru ville saksøkje Yale med sikte på å få noko av eller alt materiell levert attende.[1]

Skildring av staden[endre | endre wikiteksten]

Machu Picchu er lagt til ein stad med ein unik krins av fjell som skjermar rundt byen. Saman med frodig subtropisk vegetasjon og biotop prega av tåkeskog utgjer det ei omgjevnad som mange reknar for magisk. Det er sagt at silhuetten av fjellformasjonen like ved ruinane i nord med fjelltoppen Huayna Picchu symboliserer ein inka som skodar opp mot himmelen. Høgste toppen av Huayna Picchu utgjer nasen.

Ein kan dele inn ruinbyen i to hovudområde; eit for jordbruk med eit nett av terrasseringar og eit urbant område. Jordbruksområde ligg i bratte hellingar, det meste i sørvest ved hovudinngangen. Det urbane område er delt inn i eit heilagt område med tempel, seremonistader og gravkammer og eit område for bustader, materiell og matforråd.

I alle byggverk i Machu Picchu finn ein den klassiske inkaarkitektoniske stilen med slipte steinveggar av stein med rektangulær form. Vindauge og dører er trapesforma. Kvar einskild steinblokk er tilhogd for å passe til sin plass. Det er ikkje funnen steinbrot i fjellet for uttak av byggestein, mest sannsynleg er det nytta laus stein frå området som er tilhogd og tilpassa plassen for dei aktuelle murane. Murararbeidet i Machu Picchu er gjort utan mørtel eller med liten bruk av bindemiddel og med stor presisjon i skøytar mellom steinblokkene. Sprekkane er mange plassar mindre enn ein millimeter breie, og tilstanden viser at det var bruka ein førsteklasses teknikk i arbeidet.

Til saman er det meir enn hundre uthogde trapper i ruinkomplekset, ofte hogd i ei einaste granittblokk. Her er mange fontener, samanbunden med kanalar i fjell frå vasskjelda.

Byggverk i komplekset som vekker mest oppsikt er soltemplet, kongemausoléet (Tumba Real) under soltemplet, sirkeltårnet, templet med tre vindauga, prestehuset, sentraltemplet og inkabadet. Eit unikt objekt er Intihuatana (solsteinen eller staden der sola er bunden), som somme trur er ein slags astronomisk kalender. Totalt finst meir enn 200 bygningar i ruinbyen.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I 2003 besøkte heile 400 000 turistar ruinane. UNESCO har uttrykt otte for slitasjen som den store mengda av turistar fører med seg. UNESCO har gått så langt som å true med å fjerne Machu Picchu frå verdsarvlista om ikkje forholda vert betre. Peruanske styresmakter deler ikkje denne uroa, i det minste ikkje offentleg, og viser blant anna til at staden ruinbyen ligg på gjev ei naturleg avgrensing på turisme.[2] Det har vore gjeve framlegg om å installere ein taubane opp til ruinane, men dette har så langt blitt vist attende.[3] Hausten 2005 tok styresmakta avgjersle om å stengje vandrarruta som fører til Machu Picchu (inkastien) heilt for turistar i februar 2006 for å unngå slitasje på kulturminnet i regntida. I tillegg vart det innført ei permanent avgrensing på maksimalt 500 vandrarar på stien pr dag, inkludert dei som ber bagasje for turistar og guidar dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Machu Picchu