Mackenzie District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det tidlegare administrative distriktet i Nordvestterritoria i Canada, sjå Distriktet Mackenzie i Canada.
Mackenzie District
distrikt
Land  New Zealand
Areal 7 339,23 km²
Folketal 4 670 (30. juni 2018)[1]
Kart
Mackenzie District
43°58′44″ S 170°27′25″ E
Wikimedia Commons: Mackenzie District

Mackenzie District er eit distriktSørøyaNew Zealand. Det ligg i regionen Canterbury.

Viktige busetnadar[endre | endre wikiteksten]

Andre

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Tekaposjøen.
Aoraki/Mount Cook ligg i Mackenzie District.

Mackenzie District ligg sentralt på Sørøya, sørvest for Christchurch. Det ligg inntil Søralpane. Her ligg òg det 3754 meter høge fjellet Aoraki/Mount Cook, det høgaste i landet. Fleire brear har påverka landskapet i området betrakteleg. Slik har det oppstått tre innsjøar som nesten ligg parallelt: Lake Tekapo, Lake Pukaki og Lake Ohau. Dei fleste av elvene som renn ut or desse innsjøane munnar ut i Waitaki River.

Sjå elles:

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Distriktet er heller spreidd busett, men har ei rekkje gardsbruk. I den seinare tida (sist på 2000-talet) har det kome fleire framlegg om nye driftsformer for jordbruket, noko som har fått dei lokale innbyggjarane til å ottast at jordbruket vil verta endra frå ofte familiedrivne gardar til store landbruksselskap, og at dette kan føra til auka lokal økologisk skade og føra kapital ut av landet[3].

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Mackenzie District har eit turt temperert-kontinentalt klima med klåre, friske og snørike vintrar og lange, varme sumrar. Haustane er kjende for eit sprakande fargespel, medan vårane fører med seg bløming av ville blomar over heile området. Den varme sumartida er mellom november og februar, då kvikksølvet ofte når over 30 °C. I dei kjøligare vintrane, frå juni til september, fell temperaturane under 0 °C om nettene, medan dagtemperaturen på solrike vinterdagar i gjennomsnitt ligg kring 8 °C, og der er regelmessige snøfall[4].

Kjende stadar[endre | endre wikiteksten]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Isbrear[endre | endre wikiteksten]

Skisenter[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Lake Tekapo frå Wikivoyage
Reiseguide for Aoraki Mount Cook National Park frå Wikivoyage