Macquarieøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Macquarie Island)
Macquarieøya
øy
Kart over Macquarieøya
Kallenamn: Macca
Land  Australia
Stad Stillehavet
 - koordinatar 54°30′S 158°57′E / 54.500°S 158.950°E / -54.500; 158.950
Høgaste punkt Mount Hamilton og Mount Fletcher
 - høgd 410 moh.
Lengd 34 km
Areal 128 km²
Folketal Ingen permanente
Verdsarvstad
Namn Macquarieøya
År 1997 (#21)
Nummer 629
Region Asia-Stillehavet
Kriterium vii, viii
Kart
Macquarieøya
54°38′S 158°52′E / 54.63°S 158.86°E / -54.63; 158.86
Macquarieøya is located in Oseania
Macquarieøya (Oseania)
Wikimedia Commons: Macquarie Island

Macquarieøya er ei øy heilt sørvest i Stillehavet, om lag halvvegs mellom New Zealand og Antarktis ved 54°30S, 158°57E. Politisk sett har ho vore ein del av Tasmania i Australia sidan 1900 og vart ein del av det tasmanske statsreservatet i 1978. I 1997 vart ho ein verdsarvstad. Ho var ein del av Esperance kommune fram til 1993, då kommunen vart slått saman med andre kommunar til Huon Valley. Heile kvitkinnpingvinbestanden i verda hekkar berre på denne øya.

Sidan 1948 har Australian Antarctic Division (AAD) hatt ein permanent base, Macquarie Island Station, på eidet nord på øya ved foten av Wireless Hill. Basen er den einaste busetnaden på øya, og vanlegvis er her mellom 20 og 40 menneske året gjennom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Australsk-briten Frederick Hasselborough oppdaga den aude øya heilt tilfeldig den 11. juli 1810 då han leita etter nye område for å jakte etter sel.[1] Han gjorde krav på Macquarieøya for Storbritannia og annekterte ho til kolonien New South Wales i 1810. Øya fekk namn etter oberst Lachlan Macquarie, som då var guvernær i New South Wales frå 1810 til 1821. Hasselborough rapporterte om eit vrak «med særs gammal utsjånad», som har ført til spekulasjonar om at øya kan ha vore vitja av polynesarar eller andre.[2]

Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som utforska området for Aleksander I av Russland, produserte det første kartet av Macquarieøya. Bellingshausen gjekk i land på øya 28. november 1820, stadfesta den geografiske plasseringa og byta bort rom og mat mot dyrelivet på Macquarieøya med selfangarar. Mellom 1810 til 1919, vart sel og pingvinar jakta så mykje på at dei nesten vart utrydda.[1] Det vart foreslått å sende kriminelle til øya som straff, men tilhøva her og i havområda rundt vart rekna som så harde at ideen vart skrinlagd.[3]

I 1890 overtførte New South Wales øya til Tasmania[4], som leigde ho ut til Joseph Hatch (1837–1928) mellom 1902 og 1920 for oljeindustrien hans basert på fanging av pingvinar.

Mellom 1911 og 1914 vart øya base for Australasian Antarctic Expedition under sir Douglas Mawson. George Ainsworth dreiv ein meteorologisk stasjon mellom 1911 og 1913, etterfølgd av Harold Power (1913 til 1914) og Arthur Tulloch frå 1914 til han vart lagt ned i 1915. I 1933 erklærte styresmaktene øya som eit naturreservat under Tasmanian Animals and Birds Protection Act 1928 og i 1972 vart han eit statsreservat under Tasmanian National Parks and Wildlife Act 1970.[5] Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) oppretta hovudkvarteret for ekspedisjonane sine på øya den 25. mai 1948 på Macquarieøya.

Den 5. desember 1997 vart Macquarieøya ein del av verdsarva, hovudsakleg på grunn av den unike geologiske verdien.[5]

Den 23. desember 2004 råka eit jordskjelv som målte 8,1 på Richterskalaen (eit av dei kraftigaste jordskjelva som nokon gong er registrert) øya, men skapte få øydeleggingar.[6]

Den 12. april 2008 skjedde eit nytt jordskjelv på 7,1 i Macquarieforkastinga nær Macquarieøya.[7]

Forfattaren Charles Sheffield nytta øya i soga si Georgia on my Mind, der mystiske hendingar går føre seg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Skrentar på Macquarieøya.

Macquarieøya er ein del av Macquarieryggen som stikk opp hav havet, og ligg der den australske plata møter Stillehavsplata. Det er den einaste staden i verda der bergartar frå mantelen vert aktivt eksponert ved havnivå. På grunn av dette vart øya ein verdsarvstad i 1997.[8]

Øya er om lag 34 km lang og 5 km brei med eit areal på 128 km².[1] Nær Macquarieøya ligg to mindre øygrupper, Judge and Clerk Islets, 54°21′S 159°01′E / 54.350°S 159.017°E / -54.350; 159.017 (Judge and Clerk Islets), 14 km mot nord med eit areal på 20 hektar og Bishop and Clerk Islets, 55°03′S 158°46′E / 55.050°S 158.767°E / -55.050; 158.767 (Bishop and Clerk Islets), 34 km mot sør med eit areal på 60 hektar.

Øya er delt i to av platå på kring 150-200 meter høgd i nord og sør med eit smalt eid nær havnivå. Dei høgaste punkta er Mount Elder i nordaust på 385 meter over havet og Mount Hamilton og Mount Fletcher i sør på 410 meter over havet.

Macquarieøya ligg oppå ein havrygg som er kalla opp etter øya, Macquarieryggen. Bishop and Clerk Islets markerer det sørlegaste punktet i Australia (inkludert øyar). På 1800-talet trudde ein at Emerald Island visstnok låg sør for Macquarieøya.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Macquarieøya har eit klima som er sterkt påverka av havet, og alle månadane har temperaturar over 0 ºC, sjølv om det er vanleg med snø mellom juni og oktober, og stundom til og med om sommaren på Macquarieøya.

Den normale maksimumstemperaturen varierer frå 4,9 °C i juli til 8,8 °C i januar. Nedbøren fell jamt gjennom året og årsmiddelnedbøren er 967,9 mm. Macquarieøya er ein av dei mest skya stadane på jorda med bere 856 soltimar per år.

Vêrdata for Macquarieøya i Australia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 13,6 12,3 12,6 12,2 10 8,7 8,3 8,5 8,6 10,3 10,7 14,4 14,4
Gjennomsnittleg maks °C 8,8 8,6 8 6,9 5,9 5 4,9 5 5,3 5,8 6,5 7,9 6,6
Gjennomsnittleg min °C 5,3 5,3 4,7 3,7 2,5 1,5 1,6 1,6 1,5 2 2,7 4,3 3,1
Lågast målte °C 0,6 −0,6 −2,3 −4,5 −6,8 −7 −9,4 −8,9 −8,7 −4,6 −3,6 −1,7 −9,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 84,7 85,6 99,5 93,1 83,1 76,5 71,7 73,1 74,7 75,6 72,2 78 967,8
Gns. dagar med regn 25,3 24,3 27 27,1 28,1 26,9 27 27,2 26,1 26 24,8 24,6 314,4
Gns. solskinstimar i månaden 114,7 101,7 86,8 54 31 18 24,8 43,4 69 96,1 108 108,5 856
Kjelde: Australian Bureau of Meteorologi [9]

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ein hekkeplass for kvitkinnpingvin på Macquarieøya.

Plantelivet på Macquarieøya liknar plantelivet på dei andre subantarktiske øyane, særleg dei sør for New Zealand. Plantene vert sjeldan høgare enn 1 m høge. Hovudsakleg består plantelivet av gras, mosar, levermoses og lav.

Av dyreliv på øya finn ein subantarktisk pelssel, antarktisk pelssel, newzealandsk pelssel og sørleg elefantsel - over 80 000 individ av denne arten. Kvitkinnpingvinar og macquarieskarv er endemiske fuglar på øya, som i lag med kongepingvinar, klippehopparpingvinar og bøylepingvinar hekkar her i store mengder. Øya har status som viktig fugleområde med kring 3,5 million hekkande sjøfuglar av 13 forskjellige artar.[10]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Scott, Keith (1993). australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. s. 14. ISBN 1-86276-010-1. 
  2. http://www.Antarktis.gov.au/about-Antarktis/history/stations/macquarie-island[daud lenkje]
  3. http://www.Antarktis.gov.au/about-Antarktis/history/stations/macquarie-island[daud lenkje]
  4. http://www.worldstatesmen.org/Australian_Ant_Ter.html
  5. 5,0 5,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 14. mars 2011, henta 7. november 2012 
  6. «Antarktis expeditioners unscathed by earthquake». News Online (Australian Broadcasting Corporation). 24 December 2004. Henta 7. november 2012. 
  7. USGS Report
  8. http://whc.unesco.org/en/list/629
  9. «Climate statistics for Macquarieøya». Bureau of Meteorologi. Henta 18 februar 2012. 
  10. BirdLife International. (2011). Important Bird Areas factsheet: Macquarieøya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]