Macrosphenidae
| Macrosphenidae | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Macrosphenidae | |
| Slekter | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Macrosphenidae
Wolters, 1983
|
||
Macrosphenidae, på engelsk kalla 'African warblers' - afrikanske songarar, er ein biologisk familie av sporvefuglar som nyleg er skildra. Dei fleste av artane var tidlegare plassert i songarfamilie Sylviidae, sjølv om ein art, steinhoppar, Achaetops pycnopygius, var plassert i timalfamilien, Timaliidae. Ei rekkje molekylære studiar av songarar og andre fuglefamiliar i superfamilien Sylvioidea, som òg inkluderer lerker, svaler og meiser, fann at afrikanske songarar ikkje var ein del av familien Sylviidae, men i staden ei tidleg basal linje til heile kladen Sylvioidea.[1][2]
Innhaldsliste |
Utbreiing og habitat [endre]
Afrikanske songarar lever i ei rekkje habitat i Afrika sør for Sahara. Desse spenner frå primær regnskog til skogbryn og ope skogsterreng leveområde for dunsongarane, skogkledde savanne å torekratt og buskas for sumpsongarane, tørre steinurområde og grasletter for steinhopparen, og grasletter for skjeggsongaren og stråsongaren. Familien er i det meste ikkje-vandrande, sjølv om både skjeggsongaren og savannestumpsongaren gjer nokre meir avgrensa rørsler i Vest-Afrika i samband med regntida.[3]
Skildring [endre]
Afrikanske songarar varierer i storleik frå mindre sumpsongarane, som måler 8 cmi lengd og veg så lite som 6,5 gram, til stråsongaren, med 19-23 centimeter i lengd og skjeggsongaren som veg 29-40 gram. Det er stor skilnad i utsjånad mellom slektene, til dømes har stråsongaren, skjeggsongaren og fynbossongar har lange utvaksne halar, medan sumpsongarane har halar som knapt strekkjer seg utover haledekkfjørene og dei folda vengespissane.[3]
Åtferd [endre]
Afrikanske songarar er insektetarar, og tar ei rekkje insekt som byttedyr. Dunsongarane og sumpsongarane beitar i trekroner og i buskar, anten som einslege eller parvis, og nokre gonger i små grupper, medan andre artar er meir bakkenære i leveviset. Der to artar deler utbreiingsområdet, slik som med ruststumpsongar og kanelbukstumpsongar, oppstår nisjepartisjonering, med éin art som beitar høgt i trekronene og den andre arten som beitar lågare ned i buskar og tre. Nokre artar av både dunsongarar og sumpsongarar har vore observert som deltakarar i fleirartsflokkar.[3]
Hekkinga skjer sesongmessig, og er vanlegvis tidfesta til å falle saman med slutten av den tørre sesongen og byrjinga av regntida, blant artar med store område kan dette føre til monaleg variasjon med omsyn til nøyaktig timing. Det manglar informasjon for mange artar, men for dei som har vorte studerte, ser ein at afrikanske songarar er territoriale og monogame. Utforming av reiret varierer innanfor familien, sumpsongarane konstruere djupe lommeforma reir som hengjer ned frå ei grein, medan fynbossongar, stråsongaren og skjeggsongaren konstruere koppfoma reir voven av gras.[3]
Status og vern [endre]
Størstedelen av artar i denne familien blir rekna å vere ganske sikre, og er oppførte med status livskraftig av IUCN. Ein art, bengueladunsongar, er oppført som truga. Arten er endemisk for skog funnen på bratte åssider i Vest Angola, eit habitat truga av avskoging og spreiing av rydding og brenning i landbruket, og bestanden er rekna å vere mindre enn tusen og er enno minkande. Ein annan potensiell bekymring gjeld ein underart av kvitbrynstumpsongar. Statusen til dette er usikker, sidan konfliktar har hindra undersøkingar i leveområdet, men han kan vere utrydda.
Artslista [endre]
Afrikanske songarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [5]
- Grønstumpsongar, Sylvietta virens, (Green Crombec)
- Sitronbukstumpsongar, Sylvietta denti, (Lemon-bellied Crombec)
- Kvitbrynstumpsongar, Sylvietta leucophrys, (White-browed Crombec)
- Savannestumpsongar, Sylvietta brachyura, (Northern Crombec)
- Somalistumpsongar, Sylvietta philippae, (Short-billed Crombec)
- Raudkinnstumpsongar, Sylvietta ruficapilla, (Red-capped Crombec)
- Ruststumpsongar, Sylvietta whytii, (Red-faced Crombec)
- Isabellastumpsongar, Sylvietta isabellina, (Somali Crombec)
- Kanelbukstumpsongar, Sylvietta rufescens, (Cape Crombec)
Achaetops
- Steinhoppar, (Achaetops pycnopygius, (Rockrunner)
Melocichla
- Skjeggsongar, Melocichla mentalis, (Moustached Grass-Warbler)
Sphenoeacus
- Stråsongar, Sphenoeacus afer, (Cape Grassbird)
Cryptillas
- Fynbossongar, Cryptillas victorini, (Victorin's Warbler)
- Rustdunsongar, Macrosphenus kempi, (Kemp's Longbill)
- Guldunsongar, Macrosphenus flavicans, (Yellow Longbill)
- Grådunsongar, Macrosphenus concolor, (Gray Longbill)
- Bengueladunsongar, Macrosphenus pulitzeri, (Pulitzer's Longbill)
- Tanzaniadunsongar, Macrosphenus kretschmeri, (Kretschmer's Longbill)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Macrosphenidae» frå Wikipedia på engelsk, den 13 januar 2011
Referansar [endre]
- ↑ Beresford, P; F.K. Barker, P.G. Ryan, and T.M. Crowe (2005). «African endemics span the tree of songbirds (Passeri): Molecular systematics of several evolutionary ‘enigmas». Proceedings of the Royal Society B 272: 849–858.
- ↑ Johansson, Ulf; Jon Fjeldså; Rauri C.K. Bowie (2008). «Phylogenetic relationships within Passerida (Aves: Passeriformes): A review and a new molecular phylogeny based on three nuclear intron markers». Molecular Phylogenetics and Evolutio 48: 858–87.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2006). «Family Sylviidae (Old World Warblers)». Old World Flycatchers to Old World Warblers. Handbook of the Birds of the World. Band 11. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 849655306X.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 12. desember 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)