Madeira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Camara de Lobos
Plassering av Madeiraøyane.

Madeira er ei øygruppe i Nord-Atlanteren. Øygruppa er ein sjølvstyrt region i Portugal. Hovedstaden heter Funchal. Sjølv om øya geografisk høyrer til Afrika, og ligg 650 km utanfor kysten, høyrer ho politisk og kulturelt til Europa, som ligg 955 km unna.

På to av øyane, Madeira og Porto Santo, bur det folk. I tillegg finst fem aude øyar fordelt på to mindre øygrupper; Ilhas Selvagens og Ilhas Desertas.

Madeira vart av romarane kalla Dei fiolette øyane og vart gjenoppdaga av portugisiske sjømenn mellom 1418 og 1420. Øygruppa vert rekna som først oppdaga av Henrik Sjøfararen frå Portugal. Øyane er ein populær feriestad året rundt og er kjend for madeiravinen, blomar og broderte handverk. Nyårsfeiringa på Madeira er òg kjend og i følgje Guinnes rekordbok er fyrverkeriet i feiringa det største i verda.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Madeira er ei vulkansk øygruppe i nordenden av det afrikanske skjoldet.

Øyane er ein del av den delvis undersjøiske fjellkjeden Madeira-Tore. Hovudøya Madeira har eit kupert fjellandskap og det høgaste punktet er Pico Ruivo på 1862 moh. Porto Santo er den eldste av øyane og vart truleg danna i miocen for 18-19 millionar år siden. Den vulkanske aktivitete vart fram til pliocentida. Ein skjoldvulkan raga 6 km over havbotnen då det vart utvikla ein aust-vestleg rift i jordskorpa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Madeira vart først oppdaga av romarane, men vart etter kvart gløymd. På 1400-talet vart øya oppdaga på nytt og vart ein del av Portugal. Portugisarane starta koloniar og plantasjar på øya og plasseringa til Madeira gjorde ho til ein mellomstasjon for handelsfartøy som mellom anna førte slavar.

I 1834 vart Madeira eit distrikt utanfor fastlandet, men den store endringa kom i samband med demokratiseringsprosessen i Portugal på 1970-talet. I 1976 vart Madeira ein autonom region og har utvikla seg til ein økonomisk frisone samtidig som turismen har vokse sterkt. I samband med omvandlinga til ein autonom region fekk Madeira og Asorane ei særstilling i grunnlova til Portugal.

Den britiske påverknaden på Madeira merkar ein mellom anna gjennom det velkjende hotellet Reid's Palace og ved at britane i lang tid har hatt Madeira som reisemål. Storbritannia okkuperte Madeira to gonger på 1800-talet.

I juli 2012 vart øyane råka av skog- og grasbrann.

Personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Madeira

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Madeira “largest firework display in the world”
Spire Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.