Madeleine Berthod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Madeleine Berthod (fødd 1. februar 1931) frå Château-d’Œx i kantonen Vaud er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vart olympiameister i utfor 1956, og verdsmeister i kombinasjonen slalåm/utfor same året.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Berthod deltok under Vinter-OL 1952 i Oslo, der ho fekk med seg to sjetteplassar i høvesvis slalåm og utfor. Under verdsmeisterskapen i alpint 1954 i Åre vann ho to sølvmedaljar, ei i storslalåm bak franske Lucienne Schmitt og i kombinasjonen slalåm/utfor bakom landsmanninna Ida Schöpfer. I sjølve utforrennet hamna ho på femteplassen.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vann Berthod ein suveren siger i utforrennet. Med tida 1.40,7 var ho 4,7 sekundar føre landsmanninna Frieda Dänzer i mål. Same staden gjekk Berthod også til topps i verdsmeisterskapen i den alpine kombinasjonen. Ho deltok også i Vinter-OL 1960, der ein delt niandeplass i storslalåm var hennar beste resultat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]