Madeline Bell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Madeline Bell | |
Madeline Bell på scenen |
|
| Fødd | 23. juli 1942 (70 år) Newark i New Jersey i USA |
| Sjanger | Soul |
| Aktive år | 1965–i dag |
| Yrke | Songar og låtskrivar |
| Tilknytte artistar | Sandpebbles, Dusty Springfield, Blue Mink, Ashman-Reynolds, Spike Edney's All Star Band (S.A.S.) |
| Plateselskap | RPM, RCA |
| Nettstad | www.madelinebell.com |
Madeline Bell (fødd 23. juli 1942) er ein amerikansk soulsongar som vart kjend i Storbritannia i 1960-åra.
Ho arbeidde mykje som studiomusikar, mest kjend for arbeidet sitt med Dusty Springfield. Denf ørste solohitten hennar var ein coverversjon av Dee Dee Warwick-singelen «I'm Gonna Make You Love Me», som gjorde det betre i USA enn originalen.
Madeline vart med i pop-comboen Blue Mink, som hadde fleire hittar i Storbritannia.[1] Bell song korvokal for mange artistar og i 1975 song ho i Eurovision Song Contest i Stockholm i Sverige som korist for den tyske songen «Ein Lied Kann Eine Brücke Sein» av Joy Fleming. Ho song òg i den franske discogruppa Space.
Solodiskografi [endre]
- Bell's a Poppin' (1967)
- Doin' Things (1968)
- I'm Gonna Make You Love Me (1968)
- Madeline Bell (1971)
- Comin' Atcha (1973)
- This Is One Girl (1976)
- Beat out That Rhythm on a Drum (1998)
- Blessed (2000)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Madeline Bell» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Larkin, Colin. The Guinness Who's Who of Seventies Music. s. 85. ISBN 0-85112-727-4.