Madelungkonstanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Madelung-konstanten vert nytta til å finne elektrostatisk potensial for eit enkelt ion i ein krystall ved å tilnærme iona som punktladningar. Han er kalla opp etter Erwin Madelung, ein tysk fysikar.[1]

Fordi aniona og kationa i ein ionisk sambinding vert tiltrukken til kvarandre på grunn av dei motsette ladningane deira, krevst det ei viss energimengd for å skilje iona. Denne energien må tilførast systemet for å bryte anion-kation-bindingane. Energien som må til for å bryte desse bindingane for 1 mol av eit ionisk stoff under standardtilhøve er gitterenergien.

Madelungkonstanten gjer at ein kan rekne ut det elektriske potensialet Vi til alle ion i gridfeltet til ionet ved posisjonen ri

V_i = \frac{e}{4 \pi \epsilon_0 } \sum_{j \neq i} \frac{z_j}{r_{ij}}\,\!

der rij =|ri - rj| er avstanden mellom det i-te og j-te ionet. I tillegg er

zj = mengda ladninga til det j-te ionet
e = 1.6022×10−19 C
4 π ε0 = 1.112×10−10 C²/(J m).

For NaCl er αM = 1,7476 og for ZnS er αM = 1,6381.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Madelung E (1918). «Das elektrische Feld in Systemen von regelmäßig angeordneten Punktladungen». Phys. Zs. XIX: 524–533.