Madison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå óg namnet Madison
Monona Terrace i Madison.

Madison er delstatshovudstad i Wisconsin i USA, og den nest største byen, etter Milwaukee. Hovudstaden er handelssentrum i eit jordbruksområde der særleg mjølkeproduksjon er viktig. Innanfor bygrensene bur litt over 200 000, men heile byområdet er 366 950 innbyggjarar (2000).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til byen byrja i 1836 då den tidlegare dommaren James Duane Doty kjøpte 4 km² myr og skog ved dei fire sjøane Mendota, Monona, Kegonsa og Waubesa. Byen blei kalla opp etter James Madison, den amerikanske presidenten som var død like før.

Wisconsin var nyoppretta som amerikansk territorium det året, og hadde framleis ingen hovudstad. Doty arbeidde intenst for å få lovmakarane til å leggja han til Madison, sjølv om byen framleis berre fanst på papiret. Desse let seg overbevisa, kanskje fordi Doty baud dei på både bøffelkåper og billig land i den nye byen, men óg fordi han låg godt plassert: Midt mellom den gamle handelsstasjonen Prairie du Chien i vest og den nye og veksande Milwaukee i aust, og mellom dei viktige blygruvene i sørvest og den eldste byen i Wisconsin, Green Bay, i nordaust.

Hovudstadsbygningen, Wisconsin State Capitol, i Madison.

I 1837 la ein ned hjørnesteinen for den første hovudstadsbygningen, og året etter møttest delstatsforsamlinga her for første gong. I 1846 hadde Madison 626 innbyggjarar.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Madison blei utpeikt som den beste staden å bu i i USA av tidsskriftet Money i 1996. Også seinare har byen stått høgt på denne lista, hovudsakleg fordi byen har låg arbeidsløyse.

I bybildet peiker Wisconsin State Capitol seg ut. Bygningen husar begge dei lovgjevande forsamlingane, høgsteretten og kontoret til guvernøren av delstaten. På grunn av lovar som regulerer høgda på bygningane rundt kan ein sjå Wisconsin State Capitol frå heile byen og på avstand.

I Madison finst óg eit universitet, University of Wisconsin-Madison, som har uteksaminert fleire nobelprisvinnarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Madison