Madman Across the Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madman Across the Water
Studioalbum av Elton John
Utgjeve 5. november 1971
Innspelt 1971
Sjanger Symfonisk rock, pianorock
Lengd 45:19
Selskap DJM Records, Polydor
Produsent Gus Dudgeon
Kritikk
Elton John-kronologi
17-11-70
(1971)
Madman Across the Water Honky Château
(1972)

Madman Across the Water er det fjerde studioalbumet til Elton John. Det kom ut i 1971 og vart produsert av Gus Dudgeon.

Tittelsongen «Madman Across the Water» skulle opphavleg gjevast ut på det førre albumet til Elton John, Tumbleweed Connection, men vart sett til side og spelt inn på nytt for dette albumet. Den tidlegare versjonen av denne songen, med Mick Ronson på gitar, er å finne som bonusspor på nyare CD-utgåver av Tumbleweed Connection. Dette var det første albumet til Elton John der han berre spelar piano og ingen andre klaverinstrument. Det var òg det første albumet hans med Davey Johnstone på gutar. Han skulle kome til å spele med John i fleire tiår frametter. Som med alle Elton John-songane på denne tida vart tekstane skrivne av Bernie Taupin.

Etter debutalbumet var dette det Elton John-albumet som nådde den lågaste plasseringa på den britiske albumlista, berre 41. plass. I USA nådde albumet 8. plass tidleg i 1972 og selde til gullplate i februar 1972. I 1993 hadde albumet seld til platinaplate, og dobbelplatina i 1998.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John

# Tittel Lengd
1. «Tiny Dancer»   6:15
2. «Levon»   5:22
3. «Razor Face»   4:44
4. «Madman Across the Water»   5:56
5. «Indian Sunset»   6:45
6. «Holiday Inn»   4:16
7. «Rotten Peaches»   4:56
8. «All the Nasties»   5:08
9. «Goodbye»   1:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

"Tiny Dancer" (6:15) Innspelt 9 August 1971

  • Roger Pope: trommer
  • David Glover: bass
  • Caleb Quaye: elektrisk gitar
  • BJ Cole: steel gitar
  • Davey Johnstone: akustisk gitar
  • Elton John: piano
  • Lesley Duncan, Sue & Sunny, Barry St. John, Liza Strike, Roger Cook, Tony Burrows, Terry Steele, Dee Murray, Nigel Olsson: korvokal
  • Paul Buckmaster: arrangement

"Levon" (5:22) Innspelt 27 February 1971

  • Barry Morgel: trommer
  • Brian Odgers: bass
  • Brian Dee: harmonium
  • Caleb Quaye: elektrisk gitar
  • Elton John: piano
  • Paul Buckmaster: arrangement

"Razor Face" (4:44) Innspelt 9 August 1971

  • Roger Pope: trommer
  • David Glover: bass
  • Caleb Quaye: elektrisk gitar
  • Rick Wakeman: orgel
  • Jack Emblow: trekkspel
  • Elton John: piano

"Madman Across The Water" (5:56) Innspelt 14 August 1971

"Indian Sunset" (6:45) Innspelt 14 August 1971

  • Terry Cox: trommer
  • Herbie Flowers: elektrisk bass
  • Chris Laurence: akustisk bass
  • Elton John: piano
  • Cantores em Ecclesia Choir, dirigert av Robert Kirby
  • Paul Buckmaster: strykearrangement

"Holiday Inn" (4:16) Innspelt 9 August 1971

  • Roger Pope: trommer
  • David Glover: bass
  • Caleb Quaye: akustisk gitar
  • Davey Johnstone: mandolin & sitar
  • Elton John: piano;
  • Lesley Duncan, Sue & Sunny, Barry St. John, Liza Strike, Roger Cook, Tony Burrows, Terry Steele Dee Murray, Nigel Olsson: korvokal
  • Paul Buckmaster: strykearrangement

"Rotten Peaches" (4:56) Innspelt 14 August 1971

  • Herbie Flowers: elektrisk bass
  • Terry Cox: trommer
  • Ray Cooper: tamburin
  • Chris Spedding: slide gitar
  • Davey Johnstone: akustisk gitar
  • Rick Wakeman: orgel
  • Diana Lewis: ARP synthesiser
  • Elton John: piano;
  • Lesley Duncan, Sue & Sunny, Barry St. John, Liza Strike, Roger Cook, Tony Burrows, Terry Steele, Dee Murray, Nigel Olsson: korvokal

"All The Nasties" (5:08) Innspelt 11 August 1971

  • Nigel Olsson: trommer
  • Dee Murray: bass
  • Ray Cooper: tamburin
  • Elton John: piano
  • Cantores em Ecclesia Choir dirigert av Robert Kirby;
  • Paul Buckmaster: arrangement

"Goodbye" (1:48) Innspelt 27 February 1971

  • Elton John: piano
  • Paul Buckmaster: strykearrangement

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1972 Storbritannia 41
1972 Billboard USA Pop Albums 8

Singlar

År Singel Liste Plassering
1972 Levon Billboard US Pop Singles 24
1972 Tiny Dancer Billboard US Pop Singles 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]