Mads Østberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mads Østberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1987 (36 år)
Fredrikstad
Idrett rally
Mads Østberg under Rallt Norway 2007.

Mads Østberg (fødd 11. oktober 1987) er ein norsk rallyførar frå Moss. Han byrja med motorsport fire år gamal. Han var kartlesar for faren, Morten Østberg frå han var 13 og køyrde sitt første rally 16 år gamal.

I 2006 stilte han til start i Rally-NM i Gruppe A med ein Subaru Impreza. Han vart nummer to samanlagd og avslutta sesongen med siger. I 2007 har han til no vunne dei fire første NM-rundane og har ei komfortabel leiing på nummer to, Thomas Schie. I februar 2007 køyrte Østberg WRC Rally Sweden og tok sin første etappesiger i WRC. Han er den yngste føraren nokonsinne til å vinne ein VM-etappe.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]