Madura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topografien på Madura

Madura er ei øy i Indonesia ved nordaustkysten av Java. Øya har ei flatevidd på i kring 4 429 km² og eit folketal på om lag 3,5-4 millionar. Flesteparten av innbyggjarane er etniske maduresarar. Hovudspråket på Madura er maduresisk, som også vert snakka aust på Java og på mange av dei 66 øyane som ligg i kring Madura. Madura er ein del av provinsen Aust-Java.

Geografi og samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Suramadu-brua mellom Surabaja på Java og Bangkalan på Madura

Madura ligg langs meridianen for 7 grader sørleg breidd, og 113 til 114 grader austleg lengd. Ho strekker seg aust-vest, slik dei fleste øyane i Indonesia. Øya er 158 km lang og 31 km på det breiaste. Ho er skilt frå byen Surabaja på Java av eit trongt, grunt sund. Sidan 2009 har ei nybygd bru, Suramadu-brua, opna for direkte vegsamband mellom Madura og Java.

Terrenget på øya er prega av langstrakte bakkar og åsar. Høgste åsane er 430 meter over havet og ligg aust på øya.

Pamekasan er største byen på Madura. Han ligg på sørkysten, omtrent midtvegs på øya. Andre byar er Sumenep i aust, Bangkalan på vestkysten, og Sampang, Kamal og Kalianget, alle på sørkysten. Hovudvegane går langs nordkysten og sørkysten, og ein tvert over midten av øya. Vegane er ringe, med unnatak for vegen mellom Kamal og Pamekasan.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Saltutvinning på Madura i 1948.

Madura er ein av dei fattigaste regionane i provinsen Aust-Java. Ulikt Java, er jorda lite grøderik og turr. Mangelen på andre utkome har ført til kronisk arbeidsløyse og fattigdom. Desse faktorane ligg til grunn for langvarig og vedvarande utvandring frå Madura. I dag lever eit fleirtal av etniske maduresarar utanfor Madura. Folk frå Madura har vore sterkt representert i den indonesiske staten sine folkeflyttings-program. Desse har gått ut på å flytte folk frå ein stad til ein annan stad, innom Indonesia.

Hushalds-landbruk er hovudpillaren i økonomien. Mais er kjerneavling i matvegen og vert dyrka på dei mange små jordeigedomane på øya. Også kvegavl er avgjerande for landbruket. Denne gjev ekstrainntekter til bondefamiliar, og dannar elles basis for Maduras okseløp. Småskala fiskeri er også viktig til hushalda. Fisket vert drive frå kring 2000 proaer; langstrakte og raske seglfartøy.

Jorda på Madura, som er ueigna til dyrking av mang ei matvare, opnar for dyrking av tobakk og nelliktre. Tobakk er ei viktig eksportvare. Fruktene frå nelliktreet går til produksjon av 'kretek' (nelliktre-sigarettar), berekna på innanlandsmarknaden. Sidan nederlendarane kom til øya, har Madura vore ein større produsent og eksportør av salt. I dag er tre saltgruver i drift, alle under statleg kontroll. Elles er kapok, kopra, og kokosolje viktige salsvarer, samt teak frå skogar i nordvest. Litt olje vert og utvunne.

Historie, styre og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kvinne med batikkarbeid på Madura.

Nederlendarar fekk makt over Madura frå slutten av 1600-talet. Dei delte øya i tre styringsområde, som i 1885 vart samla i eitt og med base på Java. Madura vart del av Indonesia i 1949.

Maduresarane er kjende for sjøfarten sin. Båtar frå Madura lasta med trevarer frå andre øyar, til dømes Borneo, tok del i handelen mellom Indonesia og Singapore. 'Golekan' og 'leti-leti' er dei mest kjende av dei tradisjonelle båttypane på Madura.

Øybuarane er muslimar.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Madura er oppdelt i fire fylke:

  1. Bangkalan
  2. Sampang
  3. Pamekasan
  4. Sumenep

Sumenep omfattar også mange småøyar aust for Madura; kalla Kangean-øyane.

Okseløp i Sumenep, 1999

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Madura sine okseløp sankar stor interesse. Løpa er kring 100 meter lange, og består av eit oksespann med to oksar og ein førar (vanlegvis ein ung gut) på ein enkel treslede. Fleire byar held årleg tevlingar i august og september, med ein stor finale i Pamekasan sist i september eller i oktober.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia
  • Britannica Online Encyclopedia