Maduresisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Maduresisk (Madhura, Basa Mathura) |
||
| Klassifisering: | Austronesisk Malayo-polynesisk Sunda-sulawesisk Maduresisk |
|
| Bruk | ||
| Maduresisktalande i alt: | 15 millionar | |
| Skriftsystem: | Latinsk, javanesisk | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | mad | |
| ISO 639-3: | mad | |
Maduresisk er språket til maduresarane på øya Madura og aust på øya Java i Indonesia; språket vert også tala på dei små øygruppene Kangean-øyane og Sapudi-øyane, så vel som av migrantar til andre delar av Indonesia. Desse omfattar Pasuruan, Surabaja, Malang til Banyuwangi, Masalembu-øyane, til og med av nokre på Kalimantan. Kangean-språket kan vere eit eige språk, men kan og klassifiserast som ein dialekt av maduresisk. Maduresisk er eit austronesisk språk.
Tradisjonelt har maduresisk vore skrive med javanesiske språkteikn, men i dag er det vanlegast å bruke det latinske alfabetet. Talemålet vert brukt av kringom 12-14 millionar menneske. Talet på brukarar er svakt minkande.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Madurese language» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2012.