Magdalena Tul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magdalena Tul
Magdalena Tul 20110214.jpg
Verkeleg namn Magdalena Tul
Alias Lady Tullo
Fødd 29. april 1980, Gdańsk i Polen
Instrument Vokal
Sjanger Pop
Aktive år 2000 - i dag
Yrke Songar

Magdalena Tul (fødd 29. april 1980) er ei polsk songar.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Krajowe Eliminacje 2011[endre | endre wikiteksten]

Magdalena Tul deltok med songen «Jestem» i Krajowe Eliminacje 2011, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen, som vart framførd på polsk, vann finalen med 44,47 prosent av røystene og fekk representere Polen.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Det vart annonsert at songen ville verte framførd på engelsk med tittelen «First Class Ticket to Heaven», men valet fall til slutt på den polskspråklege originalversjonen med tittelen «Jestem». Polen deltok i den fyrste semifinalen Eurovision Song Contest 2011 og enda på 19.- og sisteplass med 18 poeng; fem frå Storbritannia, fire frå Georgia og Ungarn, tre frå Noreg og to frå Litauen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 17. plass med 25 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 18. plass med 13 poeng. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen, og vart det polske bidraget med dårlegast plassering sidan debuten i 1994.

Die grosse Entscheidungsshow 2013[endre | endre wikiteksten]

Med songen «Give It Up» deltok Magdalena Tul i ei Internettrøysting for å delta i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[1] Ho gjekk ikkje vidare til finalen, og fekk heller ikkje representere Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]