Magdalene Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magdalene Thoresen

Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 3. juni 1819
Fredericia
Død

28. mars 1903 (83 år)
København

Yrke lyrikar, skribent
Språk norsk, dansk
Ektefelle Hans Conrad Thoresen
Magdalene Thoresen på Commons

Anna Magdalene Thoresen (fødd 3. juni 1819 i Fredericia i Danmark, død 28. mars 1903) var ein dansk-norsk forfattar. Ho var gjennom ekteskap med Hans Conrad Thoresen stemor til Suzannah Ibsen, som var gift med Henrik Ibsen.

Hans Conrad Thoresen var gift tredje gong med Magdalene Kragh. Magdalene tok i 1842 mot tilbod om å vere guvernante hjå prosten Thoresen i Herøy, ho fekk i juni 1843 i København ein son som blei sett bort, og gifta seg så i oktober 1843 med Thoresen.[1] Ho reiste mykje rundt på Sunnmøre og i boka Billeder fra Vestkysten af Norge (1872) fortalde ho om inntrykka frå Sunnmøre og Vestlandet.[2] Ekteparet flytta omkring 1843 til Bergen.[3]

Ho vart portrettert av Georg Brandes i Dansk illstr. Tid. 22. april 1866.[4]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ho var dotter av frakteskipperen Thomas Nielsen Krag (død 1846) og Anne Kirstine Pederssen. Fordi foreldra hadde dårleg råd, voks ho opp hos farmora. då Magdalene var om lag 14 år gammal døydde farmora og Magdalene var dei neste seks åra hjå foreldra. I barneåra likte ho best å lese, og skreiv også eigne vers. 20 år gammal fekk ho stønad til å utdanne seg som lærar i København, og i 1842 reiste ho til Noreg for å vere huslærar for prost Hans Conrad Thoresens barn på HerøySunnmøre. I tillegg til Thoresens barn frå eit tidlegare ekteskap, fekk dei fire barn.

Hans Conrad Thoresen sørgde for at ho kunne fortsette den kunstnariske utviklinga si. I 1853 reiste hun til København, der ho møtte Johan Ludvig Heiberg, og vidare til Tyskland, Brussel, Paris og London. I Bergen var folk som biskop Neumann, Lyder Sagen, Hans Holmboe og Henrik Ibsen i omgangskretsen. Ibsen arbeidde på denne tida ved Ole Bulls nye teater i Bergen.

I 1850-årene var ho midt oppe i den nasjonale rørsla i Bergen. Ho var med på å grunnlegge Det norske Theater i 1850, ho skreiv teaterkritikk for Bergenske Blade og anonyme skodespel til teateret. Fire av dei vart oppført. Ho kom til å stå både Ibsen og Bjørnson nær. Ibsen vart gift med stedottera Suzannah. Bjørnson fekk Thoresens første dikt publisert. Som forfattar skreiv ho i den norsk-romantiske stil, slik Bjørnson gjorde i bondeforteljingane.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • «En Aften i Bergen» i Illustreret Nyhedsbald (anon.) (1858)
  • Digte af en Dame, udgivne ved Bjørnstjerne Bjørnson. (anon.) (1860)
  • Fortællinger (1863)
  • Studenten (1863)
  • Signes Historie (1864)
  • Solen i Siljedalen (1868)
  • Billeder fra Vestkysten af Norge (1872)
  • Nyere fortællinger (1873)
  • Livsbilleder (1877)
  • Herluf Nordal. En Fortælling fra det forrige Aarhundrede. (1879)
  • Billeder fra Midnatsolens Land. I (1884)
  • Billeder fra Midnatssolens Land. II (1886)
  • Digte (1887)
  • Mindre Fortællinger (1891)
  • Elvedrag og andre Fortællinger (1893)
  • Livsluft. Fortællinger (1895)
  • Udenom Afgrunden. Fortællinger (1897)
  • Skjæbner og Viljer Fortællinger (1899)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Et rigt Parti (1870)
  • Inden døre (1877)
  • Kristoffer Valkendorf og hanseaterne (1878)
  • En opadgaaende sol (1881)
  • En Udflytning (1897)

Utrykte skodespel, anonyme, oppført i Bergen[endre | endre wikiteksten]

  • Et Vidne (1852)
  • Kongedatterens Bøn (1853)
  • Hr. Money (1855)
  • Lys og Skygge (1859)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://ibsen.uio.no/REGINFO_peMT.xhtml lese på nett 9. februar 2013.
  2. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  3. Henrik Ibsens skrifter ved UiO lese på nett 10. februar 2013.
  4. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]